Kven er Gud?

Eg held for tida på å lese ei bok av David Østby som heiter «Den Gud jeg tilhører og tjener». På ei av sidene i starten av boka viser Østby til mange ulike bibelvers som viser kven Gud er.

Bibelen fortel mykje om Gud, og i dagens andakt gir desse versa i Bibelen nokre glimt av kven Gud er.

Det er mange bibelvers, og du treng ikkje lese alt på ein gong. Men eg vil anbefale å lese gjennom dei. Då får du ganske sikkert, slik som eg, eit større innblikk i kven Gud er.

Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er ein. 5. Mos. 6,4

Når det gjeld det å eta slike avgudsoffer, veit vi at det ikkje finst nokon avgud i verda, og at det ikkje finst nokon Gud utan éin. Rett nok finst det såkalla gudar, både i himmelen og på jorda, ja, det er mange gudar og mange herrar. Men for oss er det éin Gud, vår Far. Alt vart til av han, og til han er vi skapte. Og det er éin Herre, Jesus Kristus. Alt er til ved han, og ved han lever vi. 1. Kor. 8,4-6

Ein Gud og Far for alle, han som er over alle og gjennom alle og i alle. Ef. 4,6

For Gud er éin, og éin mellommann er det mellom Gud og menneske, mennesket Kristus Jesus. 1. Tim. 2,5

Men Herren er den sanne Gud, den levande Gud, den evige kongen. Jorda skjelv for hans harme, folkeslaga kan ikkje halda ut hans vreide. Jer. 10,10

Herre, du har vore ein bustad for oss i slekt etter slekt. Før fjella vart fødde, før jorda og verda vart til, frå æve til æve er du, Gud. Sal. 90,1-2

Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning. Joh. 4,24

Herre, du ransakar meg og du veit – du veit om eg sit eller står, på lang avstand kjenner du mine tankar. Om eg går eller ligg, ser du det, du kjenner alle mine vegar. Før eg har eit ord på tunga, Herre, kjenner du det fullt ut. Bakfrå og framfrå omgjev du meg, du har lagt di hand på meg. Det er eit under eg ikkje skjønar, det er så høgt at eg ikkje kan fatta det. Kvar skulle eg gå frå din pust, kvar kunne eg rømma frå ditt andlet? Stig eg opp til himmelen, er du der, legg eg meg i dødsriket, er du der òg. Tek eg soloppgangens venger og slår meg ned der havet endar, då fører di hand meg jamvel der, di høgre hand held meg fast. Eg kan seia: «Lat mørkret løyna meg og lyset omrking meg bli natt.» Men mørkret er ikkje mørkt for deg, natta er lys som dagen, mørkret er som lyset. Sal. 139,1-12

Kan nokon gøyma seg på hemmelege stader så eg ikkje ser han? seier Herren. Fyller ikkje eg både himmel og jord? seier Herren. Jer. 23,24

Herrens auge er alle stader, dei vaker over vonde og gode. Ord. 15,3

Då Abram var 99 år gammal, synte Herren seg for han og sa: «Eg er Gud, den veldige. Lev for mitt andlet, ver heil i di ferd!» 1. Mos. 17,1

Då var det som eg høyrde lyden av ein stor skare, eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterke toreslag. Dei ropa: «Halleluja! Herren er vår Gud, Den allmektige, har vorte konge!» Op. 19,6

I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 1. Mos. 1,1

Sjå, eg, Herren, er Gud for alt som lever. Er noko umogleg for meg? Jer. 32,27

For i han vart alt skapt, i himmelen og på jorda, det synlege og det usynlege, troner og herredøme, makter og åndskrefter – ved han og til han er alt skapt. Kol. 1,16

Du sveiper lyset om deg som ei kappe, du spenner himmelen ut som ein teltduk. Sal. 104,2

Å, for eit djup av rikdom og visdom og kunnskap hos Gud! Kor uransakelege hans dommar er, og kor ufattelege hans vegar! Rom. 11,33

Di er rettferda, Herre, og vår er skamma. Slik er det i dag med Juda-mennene og dei som bur i Jerusalem og i heile Israel, både dei som er nær, og dei som er langt borte, i alle dei land du dreiv dei bort til, fordi dei hadde vore trulause mot deg. Dan. 9,7

Den som ikkje gjer det som er rett, og ikkje elskar bror sin, er ikkje av Gud. 1. Joh. 3,10b

Mild og nådig er Herren, sein til vreide og rik på miskunn. Sal. 103,8

Men av Guds nåde er eg det eg er, og hans nåde mot meg har ikkje vore bortkasta. For eg har arbeidd meir enn dei alle, det vil seia, ikkje eg, men Guds nåde som er med meg. 1. Kor 15, 10

Gud er ikkje ein mann, så han lyg, eit menneskebarn, så han skifter hug. Gjer han ikkje det han seier, held han ikkje det han lovar? 4. Mos. 23,19

Så seier han som er høg og opphøgd, han som tronar evig, Den heilage er hans namn: I det høge og heilage bur eg og hos den som er knust og nedbøygd i ånda. Eg vil gje ånda liv hos dei som er bøygde ned, gje hjartet liv hos dei som er knuste. Jes. 57,15

De skal helga dykk og vera heilage. For eg er Herren dykkar Gud. 3. Mos. 20,7

Men fordi dei har gjort så mykje vondt og vendt seg til andre gudar, vil eg på den dagen gøyma andletet mitt heilt for dei. Skriv no ned denne songen, og lat israelittane læra han! Legg songen i munnen på dei, så han kan vera mitt vitne mot israelittane. No fører eg dei inn i det landet som eg med eid lova fedrane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning. Men når dei har ete seg mette og har vortne feite, kjem dei til å venda seg til andre gudar og dyrka dei. Dei kjem til å forakta meg og bryta mi pakt. 5. Mos. 31,18-20

Smak å sjå at Herren er god! Sæl er den som søkjer tilflukt hos han. Sal. 34,9

Guds vreide blir openberra frå himmelen over alt ugudeleg og all urett hos menneske som held sanninga nede i urett. Rom 1,18

Alt dette gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige. Kol. 3,6

For eg vaktar dykk med Guds brennande sjalusi. Eg har lova dykk bort til Kristus, og berre til han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein jomfru. 2. Kor. 11,2

All min vreide skal eg tømma ut, eg bruker opp min harme på dei og tek hemn. Då skal dei kjenna at det er eg, Herren, som talar med sjalusi, når eg tømmer min harme ut over dei. Esek. 5,13

(Norsk Bibel si omsetjing bruker ordet nidkjær i staden for ordet sjalusi. Du kan lese meir her viss du lurer på kva nidkjær er.)

Å, for eit djup av rikdom og visdom og kunnskap hos Gud! Kor uransakelege hans dommar er, og kor ufattelege hans vegar! Kven kjende Herrens sinn, eller kven var rådgjevaren hans? Kven gav han noko først så han skulle få vederlag? Av han og ved han og til han er alle ting. Han vere ære i all æve! Amen. Rom. 11,33-36

Gud kjenner vegen til visdomen. Han veit kvar han har sin bustad. Job. 28,23

Så ville vel Gud ha funne det ut, han som kjenner dei løynde tankane i hjartet? Sal. 44,22

Og Gud, som kjenner alle hjarte, vitna for dei då dei fekk Den Heilage Ande liksom vi. Apg. 15,8

For om hjartet vårt fordømmer oss, er Gud større enn hjartet og veit alt. 1. Joh. 3,20

Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 1. Joh. 4,8

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Joh. 3,16

Til slutt, sysken, gled dykk! Ta imot både rettleiing og oppmuntring! Ha eitt og same sinnelag, hald fred med kvarandre, så skal kjærleikens og fredens Gud vera med dykk. 2. Kor. 13,11

Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? Rom. 8,31

Det skal han la oss få sjå i si tid, den sæle og einaste herskaren, kongen over kongane og herren over herrane. 1. Tim. 6,15

Bønn:
Takk Gud for at eg kan be til deg.
Takk Gud for at du høyrer.
Takk for at me kan stola på at det du har sagt er sant.
Velsigne dagen og veka som ligg framfor.
Amen.

Henta inspirasjon frå:

  • Østby, D. (2022). Den Gud jeg tilhører og tjener. Hermon forlag.