
Lære Gud å kjenna.
I sommar høyrte eg på ei rekkje med bibeltimar, der talaren gjekk gjennom mykje av efesarbrevet.
Sjølv om eg har lese efesarbrevet før, så oppdaga eg noko «nytt» likevel. I kapittel 1, vers 17-19 står det:
Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må gje dykk visdoms og openberrings Ande, så de lærer Gud å kjenna. Må han lysa opp auga til dykkar hjarte, så de får innsikt i kva håp han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage og kor overveldande hans kraft er mellom oss som trur. For hans makt og styrke er veldig.
Dette var ei bøn som Paulus bad for mottakarane av brevet, men bøna passar like godt for oss i våre liv i 2022. Livet vårt kan vere litt som biletet øvst i andakten, det er mykje anna som står i vegen for Gud. Viss sola er eit bilete på Gud, så er det til tider mange ting som gjer forholdet til Gud litt «skoddete», me ser ikkje Gud skikkeleg fordi det er andre ting som opptek oss. Men akkurat som sola denne dagen brøyt gjennom skodda, slik er det når Den Heilage Ande får hjelpe oss til å ha fokus på Gud, då kan han lyse klart over vårt liv.
Eg synest bøna i efesarbrevet er fin å be før eg skal lese i ei andaktsbok eller i Bibelen, men ho kan sjølvsagt brukast utanom det og. Her står det at Gud må gi oss Den Heilage Ande for å lære oss Gud å kjenne. Vidare synest eg det står så fint at han må lysa opp auga til vårt hjarte. Då får me, som det står i bøna, innsikt i kva håp han har kalla oss til, kor fantastisk herleg arven til eit evig liv saman med han er, og om ei overveldande kraft mellom dei som trur på han.
Dette er store og fantastiske ord. Eg blir så takknemleg når eg les desse versa! Så er det jo sånn at «skodda» kan kome innover oss på ulike dagar, difor synest eg denne bøna er så fin å bruke og å tenkje gjennom kva det faktisk står. Det kan hjelpe oss til å ha fokus på det Gud har gjort for oss, me lærer han betre å kjenna.
Eg har teke meg den fridomen å skrive litt om på denne bøna. Innhaldet og meininga er den same, men ho blir endå meir personleg. Det gjeld faktisk for deg!
Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må gje meg visdoms og openberrings Ande, så eg lærer Gud å kjenna. Må han lysa opp auga til mitt hjarte, så eg får innsikt i kva håp han har kalla meg til, kor rik og herleg arven er for dei heilage og kor overveldande hans kraft er mellom oss som trur. For hans makt og styrke er veldig.
Amen
Også i dag har eg med ein song. Lær meg å kjenne dine veie, det er gruppa Tidløs som syng.

