Å leva i lyset

Denne veka visste eg ikkje heilt kva eg skulle skrive om i andakten, men så prøver eg å stole på at Gud gir meg noko å skrive om i løpet av veka. Eg har nokre bordkalendarar heime, slike som du blar opp ei ny side for kvar dag. Når eg i dag bladde opp det som stod, visste eg kva eg skulle skrive om i denne andakten.

Sitatet som stod på denne bordkalenderen var: «Gud har ikke bedt oss om å leve perfekt, men han har bedt oss om å leve i lyset.» – Ukjent.

I tillegg stod det eit bibelvers som var henta frå 1. Johannes 1,7:
Men dersom vi vandrar i lyset, liksom han er i lyset, då har vi fellesskap med kvarandre, og blodet frå Jesus, hans Son, reinsar oss for all synd.

Når eg søkjer opp ordet lys i Bibelen, kjem det veldig mange bibelvers som inneheld ordet lys. Eg har ikkje telt kor mange gonger det kjem, men det er veldig mange.

Kva vil det då seie å leve i lyset? Eg trur det betyr å leve tett innpå Jesus, og ta til oss næring frå han. Ei plante som blir sett i eit heilt mørkt rom vil ikkje overleve, denne planta treng lys. Slik er det med oss og, for å overleve som kristen treng ein lys. Me er heilt avhengige av å ta til oss næring, t.d. gjennom bibellesing, bønn og forkynning.

Me treng heldigvis ikkje å leve perfekt, det er det ingen som klarer. Jesus har kalla oss til å vandre saman med han i lyset, og saman med våre sysken i trua, i fellesskap med kvarandre som det står i bibelverset. Vidare i vers 9 står det:
Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.

Ein talar sa det så fint at mørket kan ikkje overvinne lyset. Viss du kjem inn med eit stearinlys i eit heilt mørkt rom, er det lyset som vinn. Mørket må vike, det har ikkje sjans til å overvinne det vesle stearinlyset. Men går me bort frå stearinlyset, blir det mørkare og mørkare til lengre vekk me kjem. Me må halde oss i nærleiken av lyset for å vere i lyset. Slik er det også for oss når me vandrar i lyset saman med Jesus, då er me i lyset, og mørket har ikkje sjans til å overvinne oss.

Eg trur det er viktig å lese i Bibelen på denne vandringa. Så veit eg at det å prioritere tid til å lese i Bibelen ikkje alltid er like lett. For min del handlar det mykje med å leggje til rette for gode vanar. Det treng ikkje alltid vere så mykje. Men eg trur faktisk at det er like viktig for oss å ta til oss av Guds ord som plantane treng å ta til seg av lyset.

I salme 119,105 står det:
Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig.

Til slutt tek eg med ein song som passar fint i dag. Songen heiter Guds sanna ljus og blir sunge av Jeanette Alfredsson.

Bønn:
Takk Gud for at du har gitt oss Bibelen.
Takk for at me kan ta til oss næring der.
Hjelp meg til å prioritere tid til å ta til meg ditt ord.
Takk for at ditt ord lyser opp vegen i mitt liv.
Amen