
Ingenting er umogleg for Gud
For nokre veker sidan var eg ute og gjekk ein tur i fjellet. Eg har gått her fleire gonger før, men denne gongen la eg merke til ein stein som ikkje hadde fanga merksemda mi tidlegare.
Denne store steinen var ikkje i kontakt med bakken, den låg på fleire små steinar, slik som du ser på bilete. Steinen blir kalla ein flyttstein eller flyttblokk, og har blitt flytta på av isbrear som låg her for mange 1000 år sidan. Når isen smelta vart steinen liggjande igjen.
Eg har jo sett slike steinar rundt forbi i Noreg fleire gonger, men det er ikkje så ofte at steinane ikkje er i kontakt med bakken.
Når eg såg steinen kom eg på bibelverset som står i Lukas 1,37: For ingen ting er umogleg for Gud.
Denne steinen, som ligg midt oppå fjellet, har ei naturleg forklaring. Men for ein som ikkje kjenner til at isbreane flytta på steinar, så kan det verke heilt umogleg å få denne steinen til å liggje slik. Midt oppå fjellet, ingen tilgang på maskinar, og ingen er sterke nok til å lyfte ein så stor stein oppå dei mindre steinane.

Slik er det ofte med meg og, eg set begrensingar for Gud. Eg har eit behov for å kunne forklare ting med min logikk.
Maria forstod ikkje heilt når ho fekk beskjed om at ho skulle bli med barn og få ein son som ho skulle kalle Jesus. Ho spurde engelen som kom med bodskapen (Luk. 1,34): Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann? Ho tenkjer med sin logikk at det ikkje er mogleg å bli gravid utan å vere saman med ein mann. Det er då engelen svarer at ingen ting er umogleg for Gud.
I staden for å setje desse begrensingane for Gud, har eg heller lyst til å svare slik som Maria gjorde når ho ser at Gud har kontrollen. Ho svara i vers 38: Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.
Det står eit vers i Jesaja 26,4 som eg synes er så fint: Stol på Herren til alle tider, for han, Herren, er eit evig berg.
Denne songen av Lauren Daigle heiter Trust in You.
Bønn: Gode Gud. Takk for at ingenting er umogleg for deg. Hjelp meg til å stole på deg. Takk for at du har kontrollen. Amen

