Inntil i dag, til i dag.

Eg kom for nokre dagar sidan over ein fantastisk nydeleg song framført av Elisabeth Gjerde. Songen står i songboka, og eg har nok både høyrt og sunge songen før. Men det var noko med framføringa her som gjorde noko med meg. Eg har alltid vore ein lettrørt person, og eg må innrømme at eg sat med tårer i augekroken når eg nå høyrde på denne songen.

Songen eg høyrde har tittelen Hitinntil Herren og er skrive av Anders Olsen i 1870.

I dag er andakten «berre» denne songen. Les teksten og lytt til songen. Det einaste eg vil dele i tillegg er henta frå Salme 121,1-8:

Ein song til festreisene
Eg lyfter auga mine til fjella.
Kvar kjem mi hjelp ifrå?
Mi hjelp kjem frå Herren,
som har skapt himmel og jord.
Han vil ikkje la foten din vakla,
din vaktar vil ikkje blunda!
Sjå, han blundar ikkje og søv ikkje.
Israels vaktar.
Herren er din vaktar,
Herren er din skugge
ved di høgre hand.
Sola skal ikkje skada deg om dagen,
heller ikkje månen om natta.
Herren skal vara deg frå alt vondt.
Han skal verna om ditt liv.
Herren skal vara din utgang og din inngang
frå no og til evig tid.

Hitinntil Herren, song 329 i songboka
Hitinntil Herren har hjulpet så vel, inntil i dag, til i dag!
Sørget så trofast for legem og sjel, inntil i dag, til i dag.
Skjønt jeg har syndet i stort og i smått,
jeg dog fra Herren har mottatt alt godt.
Ufortjent kjærlighet, det har jeg fått, inntil i dag, til i dag.

Selv er jeg intet, men Kristus mitt alt, inntil i dag, til i dag!
Han på min regning har skrevet betalt, inntil i dag, til i dag.
Kristus korsfestet, ei annet jeg vet,
han brakte soning da døden han led.
Han er min frelse, min glede, min fred, inntil i dag, til i dag.

Å, hvor usigelig god Herren er, inntil i dag, til i dag!
God imot alle, mot meg dog især, inntil i dag, til i dag.
Aldri han ennå av meg er blitt trett,
bare jeg nå kunne takke han rett!
Herren er nådig, ja, det har jeg sett, inntil i dag, til i dag.

Snart fra all trengsel til hvile jeg går, tenk hvilken dag, hvilken dag!
Snart for Guds trone med kronen jeg står, tenk hvilken dag, hvilken dag!
Snart ingen sorg mer skal trykke mitt sinn,
snart ingen tåre skal væte mitt kinn.
Snart jeg for evig ser Frelseren min, tenk hvilken dag, hvilken dag!

Bønn
Takk Gud for at du er med.
Takk for at du hjelper kvar dag.
Takk for at eg kan leggje både sorg og glede hos deg.
Takk for at du høyrer når eg ber.
Amen