Strev og uro

Nokre veker er kalenderen så full at ein knapt har tid til å ete mat mellom «slaga». Det er mest ikkje tid til alt ein skal gjere. Slik er det for alle nokre gonger, det har av og til ein tendens til å hope seg opp (eg hadde det slik forrige veke).

Eg kjem av og til på det som står Lukas 10, 38-42 om Marta og Maria når eg kjenner at eg har det ekstra travelt:

Medan dei var på veg, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta, tok imot han. Ho hadde ei syster som heitte Maria, og Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans. Men Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi let meg vera tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.» Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»

Det står ikkje noko om korleis Marta reagerte på svaret frå Jesus. Men hadde det vore meg som var travelt opptatt med å stelle i stand for gjester, medan nokre andre sat og gjorde «ingenting», hadde eg sikkert blitt litt irritert. Jesus seier ikkje noko om at Marta ikkje må lage til mat eller andre praktiske ting, men han påpeiker at ho gjer seg strev og uro med mange ting. Slik er det med meg og til tider, både strev og kanskje spesielt uro kjenner eg meg att i.

Paulus seier i Filipparbrevet 4,6: Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing.

Det er ikkje alltid like lett, men eg har erfart at det å leggje det me har på hjartet, det som skjer i livet, fram for Gud i bøn det gjer godt. Han høyrer på, det er garantert.

Maria har akkurat nå valgt å høyre på Jesus, og han svarer Marta at det skal ikkje takast frå Maria. Eg skulle ønske at eg av og til var litt meir som Maria, at sjølv om det er mykje som skjer og kalenderen er full, akkurat då set eg meg ned for å lese i andaktsboka, i Bibelen eller høyre på oppbyggjande songar.

For å overleve som kristen kan me ikkje ha det så travelt over tid at me ikkje har tid til påfyll av det Jesus har å fortelje oss.

Når Jesus i Matteus 4 blir freista av djevelen, svarer han med å sitere frå 5. Mosebok 8,3: Mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Guds munn.

Livet er travelt av og til, det er ikkje til å unngå. Men vi må minne kvarandre og hjelpe kvarandre til å ta oss tid til Guds ord.

Bønn
Takk Jesus for Bibelen.
Hjelp oss til å prioritere tid med deg.
Hjelp meg til å leggje det som uroar meg fram for deg.
Amen.