Kasta den første steinen

I Johannes 8, 3-11 står det følgjande:
Då kom dei skriftlærde og farisearane med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot. Dei førte henne fram og sa: «Meister, denne kvinna har dei gripe på fersk gjerning i ekteskapsbrot. I lova har Moses påbode oss å steina slike kvinner. Kva seier no du?» Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv i jorda med fingeren. Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den første steinen på henne.» Så bøygde han seg ned att og skreiv i jorda. Då dei høyrde dette gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste først. Til sist var Jesus att åleine, og kvinna stod framfor han. Då rette han seg opp og sa: «Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?» «Nei, Herre, ingen», svara ho. Då sa Jesus: «Så dømmer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!»

Det er så utruleg fort gjort å snakke ned andre. «Veit du kva han har gjort?» «Ho sa at….» eller «Eg har høyrt at han ….».

I møte med denne kvinna har Jesus nok ein gong noko å lære oss. Han kunne sagt til henne med streng stemme at du har synda mot Gud. Då hadde kanskje denne kvinna blitt steina. Men i staden seier Jesus til dei som høyrde på at den som er utan synd, han kan kaste den første steinen.

Det var i alle fall ikkje det svaret farisearane og dei skriftlærde hadde rekna med å få. Ein etter ein gjekk dei bort, for til sjuande og sist er alle syndarar. Ingen står utan synd. Difor treng me å kome til Jesus, å be han om tilgjeving for det gale me gjer. Han tok alle våre synder når han døydde på korset. I Kolossarane 2, 14 står det: Skuldbrevet mot oss sletta han, det som var skrive med lovbod; han tok det bort frå oss då han nagla det til krossen.

Når så Jesus står åleine igjen, seier han til kvinna at heller ikkje han dømmer henne. Tenk viss me kunne møte våre medmenneske slik, utan fordømmande ord og blikk. Snakke med kvarandre med respekt, utan å rakke ned på meiningsmotstandarar.

Det betyr ikkje at me som kristne ikkje skal vere tydelege med kva som står i Bibelen. Men det er mange måtar å seie ting på, ein treng ikkje snakke nedlatande om folk sjølv om dei ikkje gjer det som Bibelen seier er rett. For me er ikkje så mykje betre sjølv.

Jesus var tydeleg med kvinna før ho gjekk, han sa til henne: «Gå bort og synd ikkje meir!». I Kolossarane 4, 6 står det: Lat alltid orda dykkar vera venlege, men godt salta, så de veit korleis de skal svara kvar einskild.

Me skal ikkje kasta den første steinen, me skal ikkje kasta stein i det heile. Orda våre skal vere venlege, men samtidig skal me fortelje rett om det som står i Bibelen.

Heldigvis er me ikkje åleine i dette, då trur eg me hadde feila ganske fort. Gud har lova å vere med, det er eg så takknemleg for!

Til sist i dag tek eg med ein nydeleg song av Cloverton som heiter «God help me to be»:

Bønn
Kjære Jesus.
Takk for at du her viser oss korleis me kan møte menneske.
Hjelp oss til å bruke venlege ord, ikkje dømmande ord.
Takk for at du er med oss kvar dag.
Amen