Neste

I kapittel 10 i Lukasevangeliet står det om ein mann som kunne mykje om det som står i det gamle testamentet, han blir kalla ein lovkunnig. Denne mannen ville setja Jesus på prøve og spurde Jesus om kva han skulle gjere for å arve evig liv.

Og når Jesus spør om kva som står skrive i lova, så svarer den lovkunnige mannen i vers 27: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.»

Jesus svarer då at dette er rett, og at mannen må gjere dette. Men den lovkunnige er ikkje nøgd, og spør vidare: «Kven er så nesten min?»

Då fortel Jesus om den miskunnsame (barmhjertige) samaritanen. Dette står i vers 30-35.

Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og let han liggja der halvdød. Så hende det at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk utanom og forbi. Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk rett forbi. Ein samaritan som var ute på reise, kom og den vegen. Og då han fekk sjå mannen, fekk han inderleg medkjensle med han. Han gjekk bort til mannen, helte olje og vin på såra hans og la forbinding på dei. Så lyfte han mannen opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel men han. Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: «Sørg vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem tilbake.

Jesus spør den lovkunnige mannen om kven han tykkjer viste seg som ein neste. Mannen svarer han som viste miskunn mot han. Jesus svarer då igjen at mannen må gjera som samaritanen.

Dette er ei forteljing frå Bibelen som eg likte godt når eg var liten. Men eg kunne ikkje forstå kvifor presten og levitten berre gjekk forbi ein mann som var skada. Kanskje det kan vere sånn for oss og av og til, at me går forbi nesten vår. Me veit at nokon i nabolaget har det vanskeleg eller me ser at ein på jobb treng hjelp, men i staden for å vise omsorg går me forbi og latar som me ikkje ser fordi ein har nok med seg sjølv og eigne planar.

I tillegg til nesten vår i nabolaget les me og ser på nyheiter om folk andre stader i verda som ikkje har det godt, det er svolt, det er krig og det er urett mange stader. Desse menneska er og nesten vår. Lat oss ikkje snu oss bort, men vere med å be. Gud ser og kjenner kvar einskild person på denne kloden.

Eg kan kjenne på det sjølv, eg har til tider nok med meg sjølv og mitt eige liv. Men eg trur at viss ein klarer å sjå dei rundt oss, gi eit smil til nokon du møter på butikken, tilby seg å hjelpe naboen når det er behov for det og be for nesten vår i nabolaget eller i eit anna land så vil det det gi rik velsigning tilbake både for ein sjølv og for andre.

Samaritanen hadde ikkje planlagt med å hjelpe denne mannen, han var berre ute på ei reise. Men han brukte likevel av tida si og av pengane sine. Det er ikkje alltid like lett, men denne samaritanen er eit førebilete på korleis Jesus vil at me skal møta nesten vår.

Bønn
Kjære Jesus.
Takk for at du ser meg og korleis eg har det.
Må du hjelpe meg til å sjå min neste, dei eg møter på min veg.
Eg ber for min neste som er ramma av urett, av krig og svolt.
Hjelp meg å sjå desse menneska og, at eg ikkje snur meg andre vegen og ser bort.
Amen

Til slutt har eg med ein song av Sveinung Hølmebakk har ein song som heiter Samaritan.