Storm

Det har vore mykje vind dei siste dagane. Det kan vere ganske utriveleg når sterk vind riv og slit i huset du sit inni, men etterkvart så løyer vinden og som oftast går det bra med både hus og hage.

I Bibelen står det om når Jesus og læresveinane opplevde kraftig vind, dei var ute i ein båt. Det står i Markus 4, 35-41:

Då det leid til kvelds same dagen, sa han til dei: «Lat oss fara over til andre sida av sjøen.» Dei lét folkemengda bli att og tok han med seg i båten der han sat. Andre båtar følgde og med. Då kom det ein hard kvervelstorm, og bølgjene slo inn i båten så han heldt på å gå full. Jesus låg i bakskuten og sov på ei pute. Dei vekte han og sa: «Meister, bryr du deg ikkje om at vi går under?» Då reiste han seg, truga vinden og sa til sjøen: «Tei og ver still!» Då gav vinden seg, og det vart blikande stilt. Og han sa til dei: «Kvifor er de så redde? Trur de enno ikkje?» Men då vart dei endå reddare og sa seg imellom: «Kven er dette? Både vind og sjø lyder han!»

Midt utpå sjøen bles det opp til storm, og båten tok inn mykje vatn. Kven hadde ikkje blitt redd då? Jesus låg og sov, men blei vekka av redde læresveinar som tenkte at dette her går ikkje bra.

Tenk deg at du er ute på eit vatn eller på sjøen i ein båt, det bles, bølgjene går kvite, båten byrjar å ta inn vatn. Du tenkjer at nå går båten under. Så, på eit lite sekund, så er det heilt stilt. Ikkje eit vindpust. Tenk over forskjellen frå mykje lyd, redde stemmer og vinden som tek tak i både båt og kropp. Og så, heilt stilt, ikkje ein lyd. Det var akkurat det som skjedde, det vart heilt stilt på ein liten augneblink.  

Det var ikkje lenge sidan læresveinane hadde begynt å følgje Jesus, så dei kjende han nok kanskje ikkje så godt endå. Når då Jesus spør om kvifor dei er så redde og om dei ikkje trur, då blir dei endå reddare og spør seg sjølv kven Jesus eigentleg er når både vind og sjø lyder han.

I tida framover blir læresveinane betre kjent med Jesus, og til slutt er det jo læresveinane som først får oppdraget som står i Matteus 28, 18-20:

Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

Det kan storme i livet, og ein kan kjenne på ein storm inni seg og av og til. Det er då ein må kome til Jesus og be han om å stille stormen, seie ja til at han skal ta kontroll. Det betyr ikkje at livet blir heilt roleg, nei. Men Jesus vil gi oss sin fred, og då kan du kjenne på ein heilt spesiell ro sjølv om du står midt i ein storm.

I Johannes 14,27 seier Jesus:

Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!

Bønn
Takk Jesus for at du har makt til å stille stormen.
Takk for at du vil gi oss din fred.
Må du hjelpe meg til å ikkje uroast.
Takk for at du høyrer mi bøn i dag.
Amen

Til slutt ein musikkvideo av Natalie Grant – Praise You In This Storm: