Eit stort lys

Det er desember. Første lyset er tent i adventsstaken og adventsstjerna er hengt opp i vindauget. Det nærmar seg jul i år og.

I ventetida før jul synes eg det er ekstra fint å setje seg ned med Bibelen. Det er litt lett å gløyme grunnen til at me feirer jul i alt det praktiske som skal gjerast. Gud hadde ein frelsesplan for oss menneske, han sendte sin eigen son til jorda for at eg og du kan få evig liv saman med han.

Mange hundre år før Jesus vart fødd skreiv Jesaja om det som skulle skje. Eg vil i desember ta utgangspunkt i to av versa han skriv i Jesaja 9. I dag ser me på vers 2 medan dei 4 neste andaktane vil eg bruke vers 6 som utgangspunkt.

I Jesaja 9,2 står det:
Det folket som går i mørkret, ser eit stort lys.
Over dei som bur i dødsskuggens land, strålar lyset fram.

Eg har i ein tidlegare andakt skrive om forholdet mellom lys og mørke. Når lyset får skinne, så har ikkje mørke nokon plass. Når vi ikkje har tatt i mot Jesus, så går vi rundt i mørket, det er ikkje noko lys som kan leie oss på veien til Gud. Men Jesaja ser eit stort lys. Det er ikkje eit lite lys, men eit stort lys.

Eg ser for meg eit lys som lyser over heile jorda, og som når fram i alle krokar og verdshjørne. I Johannes 1, 6-9 står det:
Eit menneske stod fram, utsendt av Gud, namnet hans var Johannes. Han kom for å vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han. Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset. Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda.

Døyparen Johannes vitnar om lyset, om Jesus som kom til verda, det skal lyse for kvart menneske.

Me må vere med å vise dei rundt oss kven Jesus er, og vise vegen frå mørket til lyset. I Matteus 5, 15 står det:
Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset.

Me må ikkje setje den fantastiske bodskapen om Jesus under eit kar, nei me må setje lyset i ein stake slik at det lyser for alle i huset.

Jesus sitt store lys lyser på oss, slik at me kan skine vidare.

Bønn
Kjære Jesus.
Takk for at du er lyset i verda.
Takk for at eg kan få kome til deg med alt.
Hjelp meg til å bli verande i lyset, og til å dele lyset vidare med dei rundt meg.
Takk for at du tek bort mørket.
Amen

Songen i dag høyrde eg på i min ungdom, den vekker fram mange gode minne. Gruppa er DC Talk og songen heiter «In The Light»: