Evig Far

Kven er dette barnet?

Del 3 av 4.

For eit barn er oss fødd,
ein son er oss gjeven.
Herreveldet er lagt på hans skulder.
Han har fått namnet
Underfull rådgjevar,
Veldig Gud,
Evig Far,
Fredsfyrste.
Jesaja 9,6

Jesus som far, ein evig far. Evig betyr for alltid, har alltid vore og vil alltid vere.

Det er mange typar fedre rundt omkring. Jesus er ein far som alltid stiller opp og som alltid lytter på det du har å seie.

Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei følgjer meg. Og eg gjev dei evig liv; dei skal ikkje i all æve gå tapt, og ingen skal riva dei ut av mi hand. Det Far min har gjeve meg, er større enn alt anna, og ingen kan riva det ut av handa til Far min. Eg og Far er eitt. Joh. 10,27-31.

Jesaja skriv om Jesus som ein evig Far. Johannes bruker forholdet mellom sauer og gjetaren som døme på forholdet mellom oss og Jesus. Dei aller fleste av oss veit kven som er sin eigen far, og sjølv om nokre har eit negativt forhold til sin eigen far, så må me alltid tenkje på vår himmelske far som ein far som vil det beste for oss.

Me kjenner som oftast stemmen til vår eigen far, slik er det og med dei som bruker tid saman med Jesus. Då kjenner me stemmen hans og kan følgje han. Lovnaden til Jesus er at ingen skal klare å rive oss ut av hans hand, ingen!

Til slutt i dag vil eg ønskje alle ei god jul med denne fine songen sunge av Stavangerkameratene, Himmel på jord. Husk å ta vare på dei rundt deg, og la oss vere med å be for dei som denne jula ikkje har det så godt.

Bønn:
Takk for at du er vår Far.
Takk for at ingenting skal få riva meg ut av di hand.
Eg ber for alle som ikkje har det godt i dag, må du vere med.
Eg ber for dei som er i krig rundt om i verda.
Hjelp oss i Norge å hjelpe dei som treng hjelp
Amen