
Fredsfyrste
Kven er dette barnet?
Del 4 av 4.
For eit barn er oss fødd,
ein son er oss gjeven.
Herreveldet er lagt på hans skulder.
Han har fått namnet
Underfull rådgjevar,
Veldig Gud,
Evig Far,
Fredsfyrste.
Jesaja 9,6
Då er me komne til den siste andakten i 2022. Eg avsluttar året med at Jesus er vår Fredsfyrste. Og eit bibelvers som eg har vore innom i fleire av andaktane i haust er dette som står i Filipparbrevet 4,6-7:
Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred, som overgår all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.
Dette er eit bibelvers som eg kjem tilbake til gong på gong. Dette er den freden som eg ønskjer, Guds fred, den freden overgår all forstand, og hjelper meg til å bli bevart hos Jesus. Takk!
Eg leste for ikkje så lenge sidan ein liten andakt av ei dame som heiter Britt Solveig Spilde, ho skreiv følgjande: «Jesus kom ikke for å rydde vekk alle urolige omstendigheter, han kom for å gi fred midt i stormen. Vi kan ikke styre verden rundt oss eller bestemme hva som skal møte oss. Men vi kan lære oss å leve i fred.»
Vidare skriv ho: «Englene på markene sang «Fred på jord». Men det var ikke fred på jord den gangen, og det er det heller ikke nå. Likevel kom Jesus med fred, så den kan være i våre hjerter og tanker.»
Bøna i dag er velsigninga som står i 4. Mos. 6,24-26:
Herren velsigne deg og vare deg! Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig! Herren lyfte sitt andlet mot deg og gje deg fred!
Heilt til slutt songen Prince of Peace (Fredsfyrste på engelsk) sunge av nokre frå One Voice Children’s Choir:
Kjelde:
https://www.dagen.no/korsets-seier/han-som-kom-med-fred-til-jord/

