
Underfull rådgjevar
Kven er dette barnet?
Del 1 av 4.
I Jesaja står nokre vers som fortel oss noko om kven Jesus er. Dette er skrive lenge før han vart fødd her på jorda, men fortel oss likevel så utruleg mykje om kven Jesus er.
For eit barn er oss fødd,
ein son er oss gjeven.
Herreveldet er lagt på hans skulder.
Han har fått namnet
Underfull rådgjevar,
Veldig Gud,
Evig Far,
Fredsfyrste.
Jesaja 9,6
Barnet i krybba er så mykje meir enn eit barn, han er verda sin frelsar. Gud har gitt oss sin son, for at me ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Herreveldet er lagt på hans skulder, han har fått all makt i himmelen og på jorda.
For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Joh. 3,16
Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda.» Matt. 28,18
Det er mykje usikkerheit i verda nå, og eg leste nettopp at nordmenn ikkje hadde hatt dårlegare framtidstru på over 30 år. Då er det så fantastisk å lese i Bibelen om Jesus, han forandrar seg ikkje, Guds ord forandrar seg ikkje. Så når ting rundt oss blir usikkert, synes eg det er trygt og godt å kunne finne ro i det sikre hos Jesus.
Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid. Hebr. 13,8.
I all æve, Herre, står ditt ord fast i himmelen. Salme 119,89.
Det er mange som vil gje oss gode råd for livet og framtida, men la oss aldri gløyme at Jesus er den beste rådgjevaren. Han vil gje oss framtidstru, han vil gje oss håp. Så la oss i denne adventstida leggje det som tyngjer fram for Jesus, la han få leie oss med sine gode råd.
Du leier meg med ditt råd, og sidan tek du imot meg i herlegdom. Salme 73,24.
For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von. Jer. 29,11.
Bønn: Takk Jesus for at du er vår underfulle rådgjevar. Hjelp meg til å søkje dine råd i ei uroleg verd. Takk at du vil gje meg framtid og håp. Amen
Ein av mine favorittjulesongar på engelsk; Mary did you know?, sunge av One Voice Children`s Choir:

