
Veldig Gud
Kven er dette barnet?
Del 2 av 4.
For eit barn er oss fødd,
ein son er oss gjeven.
Herreveldet er lagt på hans skulder.
Han har fått namnet
Underfull rådgjevar,
Veldig Gud,
Evig Far,
Fredsfyrste.
Jesaja 9,6
Jesus er både menneske og Gud. Han vart fødd til jorda som eit menneske, men er like mykje Gud som menneske. Sann Gud og sant menneske.
Det står i Jesaja at Jesus er veldig Gud, i ei anna bibelomsetjing står det mektig Gud. Gud er mektig, han har stor makt og full kontroll.
Som eg skreiv sist veke er det så lett å sjå på alt i verda som er ustabilt og usikkert. Men då må me hugse å sjå på Jesus, han har kontroll. Fleire stader i Bibelen står det om Gud som er mektig:
Ingen er som du, Herre. Du er stor, namnet ditt er stort og mektig. Jeremia 10,6.
Og Gud er mektig til å gje dykk alle gåver i rikt mål, så de alltid og i alle høve skal ha alt de treng, ja, ha overflod til all god gjerning. 2. Kor. 9,8.
Sjå, Gud er mektig, men avviser ingen; mektig er hans styrke og innsikt. Job 36,5.
I andaktsboka eg les i for tida var det i dag dette bibelverset som stod: Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde. Matt. 6,34.
Jesus er ein veldig Gud, ein mektig Gud. Han seier at me ikkje skal vere urolege for morgondagen. Kvifor klarer eg ikkje stole på det? Eg uroar meg alt for mykje for alt for mange ting.
Men då er det så godt at eg for tusende gong kan kome til Jesus, å leggje alt det som bekymrar i hans mektige hender. Det er eg så uendeleg takknemleg for!
Bønn: Takk Gud, nok ein gong, for at du har kontroll. Takk for at du ser kvar enkelt menneske. Hjelp meg til å stole på deg og ikkje uroe meg for morgondagen. Amen
Til slutt i dag ein song av Mack Brock – Still in control:

