
Kvifor?
Kvifor skal eg vere ein kristen og tru på Jesus? Kva er poenget med det?
Når Jesus innstifta nattverden saman med læresveinane, sa han mellom anna: Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange så syndene blir tilgjevne. Dette står i Matteus 26,28.
Synd er eit vanskeleg ord for mange, det skal liksom ikkje snakkast så høgt om. Men det er faktisk sånn at hadde det ikkje vore for synda, så hadde me ikkje hatt behov for Jesus.
Gud er ein heilag Gud, og han toler ikkje synd. Når Adam og Eva ikkje gjorde slik Gud hadde fortalt dei, kom synda inn i verda, og etter det er me alle syndarar. Nokre prøver å gradere syndene, at den eine synda er større enn den andre, men det er faktisk sånn at ei synd er ei synd, og når den er gjort er me faktisk fortapt. Ingen på denne jord har eigentleg ein sjans.
Derfor hadde heldigvis Gud ein fantastisk flott frelsesplan. Han sende Jesus, som var utan synd. Han døydde på korset for vår skuld, han tok alle vår synder på seg. Tenk det, alt det gale eg har gjort oppgjennom åra, synda mi, det har Jesus tatt på seg. Slik at når Gud ser på meg ser han på meg gjennom Jesus, og då ser han ingen synd. Og så må eg gong på gong be om tilgjeving, for eg klarer framleis ikkje, og kjem ikkje til å klare å leve utan å synde.
Det einaste eg treng å gjere, det einaste du treng å gjere, er å seie ja til Jesus, eg vil tru på deg. Eg vil ha deg til Herre i mitt liv.
Så kvifor? Kvifor treng eg å tru på Jesus, for meg så har det alt å bety. Det er faktisk snakk om liv og død. Og eg trur at Jesus seier til oss det han sa til Marta når Lasarus var død, det står i Johannes 11,25: Då sa Jesus til henne: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?»
Jesus spør meg og deg om det i dag, trur du det? Han spør om du trur at han tok alle dine synder på seg?
Til slutt har eg lyst å dele ein del vers som står i Romarbrevet 5, vers 12-21. Her skriv Paulus om Adam som førte synda inn i verda, og om Jesus som tok vår synd på seg:
Difor, liksom synda kom inn i verda ved eitt menneske, og døden saman med synda, slik nådde døden alle menneske fordi dei alle synda. Også før lova var det synd i verda. Og endå synda ikkje blir rekna som synd der det ikkje er noka lov, rådde likevel døden frå Adam til Moses, også over dei som ikkje hadde gjort noko lovbrot som Adam. Adam står her som eit bilete på han som skulle koma. Men det er annleis med nåden enn med fallet. På grunn av fallet til den eine måtte dei mange døy, men Guds nådegåve er så uendeleg mykje større: Ho blir gjeven i rikt mål til dei mange på grunn av nåden frå det eine mennesket Jesus Kristus. Og det er annleis med gåva enn med den synda som den eine gjorde. For dommen over eitt menneske førte til fordømming, men nådegåva førte til frikjenning, endå det var mange som hadde falle. Døden fekk herredøme fordi eitt einaste menneske fall. Kor mykje meir skal då ikkje dei som tek imot Guds store nåde og rettferdsgåve, eiga livet og få herredøme ved den eine, Jesus Kristus.
Difor: Slik som ein manns fall vart til fordømming for alle menneske, slik fører ein manns rettferdige gjerning til frikjenning og liv for alle menneske. Slik dei mange vart syndarar fordi det eine mennesket var ulydig, skal no dei mange stå rettferdige fordi den eine var lydig. Lova kom til så fallet skulle bli stort. Men der synda var stor, vart nåden endå mykje større. For liksom synda fekk herredøme ved døden, skal nåden rå gjennom rettferda og gje evig liv ved Jesus Kristus, vår Herre.
Bønn:
Takk Jesus fordi at du tok mi synd på deg.
Må du nok ein gong tilgi meg for det eg har gjort mot din vilje i dag.
Takk for at du høyrer bøna mi.
Amen
Songen i dag er sunge av The Prestonwood Choir og heiter The Blood:

