Lat lyset lysa

De er lyset i verda!
Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast.
Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar.
Nei, ein set lampa på ein haldar;
då lyser ho for alle i huset.

Desse versa står i Matteus 5,14-15. Her står det at me er lyset i verda, ein kan bli sveitt av mindre. Jesus seier jo i Johannes 8,12 at det er han som er lyset i verda.  Men det er ikkje me som lyser i oss sjølve, det er Jesus som lyser gjennom oss, utan han hadde det ikkje blitt mykje til lys. Eg synest at Wilfrid Stinissen har sagt det på ein god måte: «Å være Guds medarbeider betyr ikke at Gud gjør en del av arbeidet og vi en annen del. Nei, Gud gjør hele arbeidet, men han gjør det gjennom oss.»

Når me som kristne har fått dette lyset av Jesus, så må me ikkje setje det under eit kar slik at det ikkje får lyse for andre. Det er lett å seie, men ikkje like lett å gjennomføre. La oss i dag be om at Gud kan bruke oss slik at hans lys får lyse i verda gjennom oss. Me menneske er ulike, og dei me møter rundt oss er heller ikkje like. Gud kan bruke oss på mange forskjellige måtar i møte med andre menneske, han har lova å vere med, det er eg så uendeleg glad for.

Eg kjenner for min eigen del at eg til tider kan setje lyset frå Jesus under eit kar, eg er redd for reaksjonar, ord og blikk. Då må me ikkje gløyma Jesus sine eigne ord når han sende læresveinane ut: Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står. Matteus 28,20.

Så alt for ofte tenkjer eg at det er meg og meg aleine som skal prestere, som skal lyse på eigen hand. Difor er det så fantastisk å nok ein gong få bekrefta frå Jesus at det er ikkje eg som skal gjere, det er Jesus sjølv som skal gjere, gjennom meg.

Lat oss då, saman med Jesus, byggja ein by på fjellet, lat oss setja lampa slik at ho lyser for alle i huset.

Bønn
Takk Gud for at du er med kvar dag.
Takk for at eg kan leggje alt eg tenkjer på fram for deg.
Hjelp meg til å halde deg og ditt lys fram i kvardagen.
Bruk meg til å lyse for andre slik du ser er best.
Amen

Songen i dag heiter Christ be our light: