
Nytt år saman med Jesus
Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som trur, har evig liv. Eg er livsens brød. Fedrane dykkar åt manna i øydemarka, men dei døydde. Det brødet som kjem ned frå himmelen, er slik at den som et av det, ikkje døyr. Eg er det levande brødet som er kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er kroppen min som eg gjev til liv for verda.
Dette står i Johannes 6, 47-51.
Me er nå i starten av eit nytt år, me veit ikkje så mykje av kva dette året vil bringe av sorger og gleder. Difor er det så godt å ta Jesus med seg gjennom livet, det gir meg ein tryggleik i kvardagen. Eg må berre sleppe litt av min kontroll, for at Jesus skal få plass.
Mitt ønske for 2023 er å ta til meg endå meir av det Jesus vil gi meg, og å stole på at han vil gi meg det eg treng kvar dag. For uansett kva som møter meg i det nye året, ønskjer eg å ha eit fokus på Jesus. Han døydde på korset for meg og for deg, og det står her i Johannes 6 at den som trur, har evig liv. Tenk det!
Eg hadde ei minnebok når eg var liten. I den skreiv venner og familie eit lite ord til meg som eg skulle hugse på. Eit av minna eg fekk var dette: «Eig du Jesus, eig du alt. Mister du Jesus, mister du alt.». Jesus er den store forskjellen, han gir oss håp for både dette livet og for evigheten.
Til slutt vil eg ta fram igjen nokre vers som står i Ordspråka 3,5-6. Det handlar om å stole på Gud, og ta han med på livsvegen: Lit på Herren av heile ditt hjarte, støtt deg ikkje på eiga innsikt. Ha han i tankar kvar du ferdast, så gjer han stigane dine jamne.
Bønn: Kjære Jesus. Takk for at du døydde for meg. Takk for at du vil gi oss livsens brød. Hjelp meg å stole på deg. Hjelp meg til å prioritere tid saman med deg i 2023. Amen
Eg tek med ein song i dag og. Det er Kim Hill som syng, og songen heiter You alone.

