Stille susing

I kapittel 19 i 1. Kongebok står det om når Elias drog til fjellet Horeb, han frykta for livet sitt. Her gjekk han inn i ei hole om natta. Gud seier at han skal kome ut av hola og stå på fjellet, der skal Gud gå forbi. Teksten er henta frå vers 11-13 (akkurat her bruker eg Norsk Bibel si omsetjing):

Han sa: Gå ut og stå på fjellet for Herrens åsyn! Og sjå, Herren gjekk forbi. Framfor han for ein stor og sterk storm som kløyvde fjell og knuste berg, men Herren var ikkje i stormen. Etter kom det eit jordskjelv, men Herren var ikkje i jordskjelvet. Etter jordskjelvet kom det ein eld, men Herren var ikkje i elden. Etter elden fylgde lyden av ei stille susing. Då Elias høyrde den, dekte han andletet med kappa og gjekk ut og stod attmed inngangen til hola. Og sjå, ei røyst kom til han og sa: Kva vil du her Elias?

Gud var ikkje i stormen, han var ikkje i jordskjelvet, heller ikkje i elden. Det kom ei stille susing, der var Gud.

Det er ein song som eg høyrde for første gong for fleire år sidan som eg synest er så fin. Det er Clas Vårdstedt som syng, og songen heiter Himlen på besök. Litt uti songen syng Clas (fritt oversatt til norsk): «Når eg trur at alt er så komplisert. Når eg jagar i alt det ekstraordinære. Når eg ser for høgt og leiter bortanfor skyene, då mister eg å sjå deg nå og her.»

Gud er her og nå, han er ikkje langt borte. Han er å finne i den stille susinga, ikkje i den kraftige stormen.

Bønn
Takk Gud for at du er her, akkurat nå.
Hjelp meg til å lytte til deg.
Amen

Her er songen Himlen på besök: