
Kven har kontrollen?
Den vanskeligste bønnen å be med ærlig sinn,
er bønnen: La din vilje skje!
For egenviljen blander sitt eget ønske inn,
og overfor Guds tanker er viljen ofte blind.
Men, Herre, gi meg motet til å be:
La din vilje skje!
Den siste sterke bønnen som Jesus lå og bad,
var bønnen: La din vilje skje!
Om det som ligger foran er lett å flykte fra
og ingenting gir lyst til å si det Jesus sa,
så, Herre, lær meg likevel å be:
La din vilje skje!
Den enkle, stille bønnen som åpner Herrens vei,
er bønnen: La din vilje skje!
Og den som ber som dette, vil ikke lett gå lei,
men stadig overraskes og stadig undre seg.
For, Herre, det er spennende å be:
La din vilje skje!
Denne songen er skrive av Vidar Kristensen, og eg hugsar songen godt frå eigne ungdomsår. Eg hugsar at akkurat denne songen gjorde noko spesielt med meg når eg song han, kvar gong blei eg utfordra på og minna på å be om at Guds vilje må skje.
Det er ei god stund sidan eg har sunge denne songen nå, men når eg for nokre dagar sidan sat og bladde i ei songbok, dukka songen opp igjen. Det trur eg ikkje var tilfeldig, eg hadde dei siste dagane brukt ein del krefter på å bekymre meg.
Eg har kanskje nevnt det før, men eg likar å ha kontroll på det som skal skje. Når eg føler eg ikkje har kontroll, fører det med seg alt for mange bekymringar. Derfor må Gud gong på gong minne meg på at han faktisk har full kontroll og at det ikkje er nødvendig å bruke tid og krefter på å bekymre seg.
For konsekvensen av å syngje «La din vilje skje» til Gud, er at eg må sleppe min eigen kontroll ganske mykje. Gud både utfordrar og gir kvile, det er som songen seier i siste vers: «For, Herre, det er spennende å be: La din vilje skje!».
Når eg på ny klarer å kvile i at det beste for meg er Guds vilje med livet mitt, at han har full oversikt, at eg ikkje treng å bekymre meg for morgondagen, det er først då eg klarer å slappe av for bekymringane som til tider tek overhand. Gud har lova å hjelpe i dag. Eg synest at Øyvind Andersen har sagt det godt: «Den beste hjelp mot all bekymring er å se på Jesus.».
For meg i dag, var det utruleg godt å kunne høyre på denne songen nok ein gong, og nok ein gong kunne seie til Jesus: La din vilje skje! Det er så fantastisk godt å leggje livet mitt hos Jesus, og så vil eg samtidig be om at han må vise meg kor han best kan bruke meg i sitt rikes arbeid.
Kast all dykkar uro på han, for han har omsorg for dykk. 1. Peter 5,7
Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! Matt. 11,28
Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? Matt 6,26
Du leier meg med ditt råd, og sidan tek du imot meg i herlegdom. Salme 73,24
For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei. Ef. 2,10
I dag blir bøna i andakten ganske personleg, men kanskje ho passar for deg og?
Bønn Kjære Jesus. Nok ein gong kjem eg til deg, takk for at du aldri blir lei av å høyre på meg. Hjelp meg å stole på at du har kontroll. Hjelp meg å leggje bekymringane over på deg. Du ser det eg har tenkt på i det siste, eg gir det til deg Jesus. Eg ber om at din vilje må skje i mitt liv. Bruk meg på den måten som du ser er best Jesus. Takk for at du vil gje meg kvile nok ein gong! Amen
Den vanskeligste bønnen er her sunge av Oddrun M. Hyttedalen:

