Raus

Kva ville du gjort om det kom ein person til deg og fortalde deg at jorda var flat? (Det er nokon som meiner det, sjølv om det var mykje vanlegare for lenge sidan.)

Eg trur eg ville ha trukke litt på smilebånda, og sagt at det kan du vel ikkje seriøst meine? Kanskje eg hadde sagt meir, eller i alle fall tenkt at denne personen kan ikkje vere heilt klok. Nokon ville kanskje tatt til sosiale medier for å skrive kor sprøe alle som trur at jorda er flat er.

Men er det nokon av oss som ville sett seg ned saman med denne personen for å forstå vedkommande betre? Å vere ekte interessert i å høyre kva personen har å fortelje.

Overskrifta på andakten i dag er raus, då tenkjer ikkje først og fremst på å vere raus i forhold til å gje og dela med andre. Men eg tenkjer på å vere raus i forhold til å la andre få plass, å vere storsinna og ikkje dømmande.

I dei siste vekene har eg tenkt mykje på det å vere raus overfor kvarandre. Det er så fort gjort å havne i skyttargrava for å angripe det andre meiner. Korleis kan ein vere eit medmenneske då?

Viss du møter denne personen som meiner at jorda er flat, så vil dei fleste av oss vere ueinige med han/ho. Men har det noko for seg å latterleggjere personen for det, å bombardere denne personen med argument? Vil vedkommande bli meir open for at jorda faktisk er rund? Nei, eg trur ikkje det. Men kanskje viss du sit deg ned for å høyre kvifor han eller ho meiner dette, kan du og seie noko om kvifor du meiner at jorda er rund.

Akkurat slik trur eg det er når ein skal fortelje andre om Jesus og. Det er vanskeleg å storme på med gode ord frå Bibelen, viss du ikkje samtidig lyttar til kva den andre har å seie. Dette betyr ikkje at me skal pakke inn det som står i Bibelen med bomull, fordi me er redde kva andre meiner. Men det finst så mange gode måtar å formidle og dele på, som ikkje handlar om å «vinne» diskusjonen. Når ein møter menneske som er skeptiske til Bibelen og det Jesus seier, trur eg ein samtale rundt eit bord er så mykje betre enn å skrive i kommentarfelta kva ein meiner.

I Bibelen har Jesus mange møte med ulike menneske. I dag synes eg møte med Sakkeus passar godt å ta fram. Når Jesus møtte Sakkeus, sa han ikkje berre til han kva han burde gjere, nei han vart med han heim, og Sakkeus vart så glad. Sakkeus fant sjølv ut etter møtet med Jesus at han måtte gjere noko med pengane han hadde krevd frå folk som han ikkje burde gjort, han måtte gjere opp for det han hadde gjort gale.

Svaret Jesus gav til Sakkeus etter dette står i Lukas 19, 9-10:

Då sa Jesus til han: «I dag er frelse komen til dette huset. For han er og ein Abrahams son. For Menneskesonen er komen for å leita etter dei bortkomne og berga dei.»

Akkurat slik Jesus såg Sakkeus, og ville prata med han (når nesten ingen andre ville ha noko med han å gjere), slik må me og ha Jesus som førebilete. Lat oss sjå menneska me møter i kvardagen vår, ikkje berre lettvint konkludera med korleis ein person er ut frå det vedkommande meiner og skriv. Alle er elska av Gud.

Paulus understreka at det er viktig med bøn og venlege ord i møtet med andre. Dette står i Kolossarane 4,2-6:

Ver uthaldande i bøna, vak og be og takk Gud! Be for oss og, at Gud må opna ei dør for Ordet, så vi kan forkynna Kristi mysterium, det eg sit bunden for. Be om at eg må få tala slik som eg skal når eg gjer det kjent. Gå fram med visdom mellom dei som står utanfor, og bruk den dyrebare tida godt. Lat alltid orda dykkar vera venlege, men godt salta, så de veit korleis de skal svara kvar einskild.

Bønn
Kjære Jesus.
Hjelp meg til å ha vennlege ord i møte med andre.
Lær meg å sjå menneska bak sterke meiningar.
Takk for at eg kan leggje alt dette fram for deg.
Amen

I dag kan du høyra på ein fin salme sunge på ein litt ny måte av Salmeklang, Ved Jesu føter: