Salt

Ver uthaldande i bøna, vak og be og takk Gud! Be for oss og, at Gud må opna ei dør for Ordet, så vi kan forkynna Kristi mysterium, det eg sit bunden for. Be om at eg må få tala slik som eg skal når eg gjer det kjent. Gå fram med visdom mellom dei som står utanfor, og bruk den dyrebare tida godt. Lat alltid orda dykkar vera venlege, men godt salta, så de veit korleis de skal svara kvar einskild.

Desse versa står i Kolossarane 4,2-6, og kanskje du hugsar at eg avslutta andakten frå sist veke med desse bibelversa.

Paulus skriv at orda våre må vera venlege, men godt salta. Kva vil det seie at orda må vere godt salta?

Jesus snakkar om salt i bergpreika og, i Matteus 5,13: De er saltet på jorda! Men mistar saltet si kraft, korleis skal det då bli gjort til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; dei kastar det ut, og folk trakkar det ned.

Før kjøleskåpet og fryseboksen si tid, blei kjøtet salta for å hindre at det råtna. Dei som trur på Jesus er kalla til å vera lys og salt i verda. Det er ikkje alltid like lett å fortelje andre om Jesus og det som står i Bibelen. Men Jesus har lova å vere med, han gav mellom anna denne lovnaden til læresveinane ikkje så lenge før han skulle krossfestast: I verda har de trengsler, men ver frimodige: Eg har sigra over verda! Joh. 16,33b.

Jesus bad læresveinane om å vere frimodige, og han ber oss og om å vera frimodige. Lat oss hugse å ta til oss av Guds ord, slik at saltet beheld krafta si.

Emil Andrè Erstad har ein kort andakt på preik.tv som går på det å vere lys og salt i verda, lytt gjerne på den til slutt.

Songen i dag er frå Impuls, og heiter «Du er den». For å bli bevart hos Jesus må blikket rettast mot han som vil vere med oss gjennom livet.

Bønn
Kjære Jesus.
Takk for at du høyrer når eg ber.
Hjelp meg til å vere lys og salt i verda.
Takk for at du er med meg.
Hjelp meg til å ta til meg av ditt ord.
Amen