
Syng for Herren
Nokre dagar er tyngre enn andre, slik er det for oss alle.
For meg er det spesielt to ting som hjelper godt når dagen er litt grå. For det første kan det å kome seg ut på ein tur i frisk luft gjere underverk. Det andre som hjelper er å syngje/høyre på lovsongar.
I Salme 146 står det:
Halleluja!
Lovsyng Herren, mi sjel!
Eg vil lovsyngja Herren heile mitt liv,
syngja og spela for min Gud så lenge eg er til.
Stol ikkje på fyrstar, menneske som ikkje kan hjelpa.
Dei andar ut og blir til jord att, den dagen fell planane i grus.
Sæl er den som har Jakobs Gud til hjelpar
og set si von til Herren sin Gud.
Han skapte himmel og jord,
havet og alt som er i dei,
han er trufast til evig tid.
Han hjelper dei undertrykte til deira rett,
han gjev mat til dei som svelt.
Herren set dei bundne fri.
Herren gjev dei blinde syn.
Herren reiser dei nedbøygde opp.
Herren elskar dei rettferdige.
Herren vernar innflyttarar.
Han held enkjer og farlause oppe,
men gjer vegen kroket for dei som gjer urett.
Herren er konge til evig tid,
din Gud, Sion, frå slekt til slekt.
Halleluja!
Uansett korleis dagen din er i dag, vil eg oppfordre deg til å høyre lovsongen under. Når eg høyrer denne songen blir eg så takknemleg for at Gud sende Jesus til jorda for å frelse oss. Han er kongen over alle kongane. Til evig tid!
Songen heiter King of Kings, og det er Hillsong Worship som har gitt ut songen:
Bønn Kjære Jesus. Takk for at du er med alle dagar, både dei fine dagane og dei grå dagane. Takk for at du ser korleis eg har det. Eg ber om at du må vere spesielt med dei som har ein vanskeleg dag i dag. Amen

