
Eg er.
Sist veke var eg og kona på besøk hos nokre gode venner ein kveld. Her prata me mellom anna saman om det som står i kapittel 3 i 2. Mosebok, om når Moses møtte Gud i den brennande tornebusken. Gud seier til Moses i vers 10: Gå no! Eg sender deg til farao. Du skal føra folket mitt, israelittane, ut frå Egypt.
Gud vil at Moses skal føra israelittane ut frå Egypt, der dei er slavar under farao sitt styre. Moses er ikkje akkurat veldig klar for dette oppdraget, «Kven er eg?» spør han Gud om, han kjenner seg ikkje klar for dette. Gud lover Moses at han skal vera med han, då må det vel vere greitt å gå?
Men Moses gjer slik som me menneske fort kan gjere i møte med noko som me ikkje har lyst til å gjere, han kjem med fleire unnskyldningar. I vers 13-15 er samtalen mellom Moses og Gud som følgjer: Då sa Moses til Gud: «Enn om eg går til israelittane og seier til dei: Han som er dykkar fedrars Gud, har sendt meg, og dei så spør meg: Kva er namnet hans? Kva skal eg svara dei?» Gud svara Moses: «Eg er den eg er.» Og han sa: «Slik skal du svara israelittane: Eg er har sendt meg til dykk.» Og Gud heldt fram: «Du skal seia til israelittane: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har sendt meg til dykk. Dette er mitt namn til evig tid, dette skal eg kallast frå slekt til slekt.» (Mi utheving av «Eg er».)
Gud har sitt namn til evig tid, han var Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, men han er og min Gud. Gud er den same, hans namn gjeld til evig tid. Dette står det også om Jesus i Hebrearane 13,8: Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid.
Når eg tidlegare har lese denne teksten, har det ofte vore litt vanskeleg å forstå når Gud bruker Eg er om seg sjølv. Det er eit utrykk som rommar så mykje, men likevel er litt vanskeleg å få tak på.
Men saman med vennene mine denne kvelden i sist veke, leste me eit dikt som er skrive av ei dame som heiter Helen Mallicoat. Eg hadde ikkje høyrt dette diktet før, det var så fint, og det hjelpte meg å forstå litt meir om kva som kan liggje i dette namnet.
I was regretting the past
and fearing the future.
Suddenly my Lord was speaking:
“My name is I AM”
He paused. I waited. He continued:
“When you live in the past,
with its mistakes and regrets, it is hard.
I am not there.
My name is not: I WAS.
When you live in the future,
with its problems and fears, it is hard.
I am not there.
My name is not I WILL BE.
When you live in this moment,
it is not hard.
I am here.
My name is I AM.”
Gud er her nå, han var Eg er for Moses og israelittane for mange tusen år sidan, og han er Eg er for meg og deg i dag. Og sjølv om namnet nok også rommar meir enn dette, så var det veldig fint å kunne køyre heim denne kvelden med takksemd over at Gud er Eg er til evig tid.
Bønn:
Gode Gud.
Takk for at du er Eg er.
Takk for at du er her akkurat no.
Hjelp meg til å stole på deg.
Amen
Songen i dag er sunge av Jeanette Alfredsson og heiter Jesus ditt namn:

