
I rette tid
Innimellom når eg sit og høyrer på musikk så finn eg nokre songar som eg ikkje har høyrt før. Nokre av songane høyrer eg og gløymer like etterpå, medan andre treff meg rett i hjarterota. Andakten i dag tek utgangspunkt i ein slik song.
Songen er sunge av The Clark Family og heiter «In God’s perfect time».
Eg har høyrt frå eg var yngre, at Gud alltid høyrer bøna eg ber, men det er ikkje sikkert at han svarer slik eg har tenkt. Eg har opplevd ein lang periode med helseutfordringar, det har vore lange og til dels tøffe periodar for både meg og dei næraste rundt meg.
Gjennom denne tida har eg ikkje tal på kor mange gonger eg og andre har bedd om at eg må bli frisk, og sleppe det som plagar meg. Frå å gå i 100% jobb til å bli delvis ufør, har vore både utfordrande og vanskeleg. Hadde det ikkje vore for trua mi og familien min, så veit eg ikkje kor eg hadde vore i dag.
Eg har mange gonger lurt på kva Guds plan er med meg no, kva vil han? Men når eg ser tilbake på desse åra med store endringar i livet mitt, ser eg i grunnen berre at ting har lagt seg til rette litt etter litt, trass utfordringar med helsa. Ting tar tid når ein skal gjennom eit system, men eg trur at Gud har brukt denne tida til å vise meg vegen vidare.
Som songen seier om Sara, Isak og Marta så viste Gud at hans løfter heldt, Gud var med dei.
Han sa: «Eg kjem tilbake til deg når tida er inne, og då skal Sara, kona di, ha ein son.» Sara høyrde det i teltopninga, som var rett bak han. Abraham og Sara var gamle, langt oppi åra, og Sara hadde det ikkje lenger på kvinners vis. Difor lo Sara med seg sjølv:» 1. Mos. 18, 10-12a
Sara hadde ikkje trua på det som vart fortald til Abraham, difor lo ho. Men Gud heldt sine løfter, og ho fekk sonen sin, Isak.
Marta kan me lese om i Johannes 11. Bror hennar, Lasarus var alvorleg sjuk. Dei hadde sendt bod på Jesus, men han tok seg god tid der han var og når han kom fram til Betania der Marta budde, var Lasarus allereie død. Marta seier då til Jesus i vers 21: «Herre, hadde du vore her, så hadde ikkje bror min døydd.» Men det var ikkje for seint for Lasarus, Jesus ropte på Lasarus som låg i grava. Og Lasarus kom ut, levande og frisk.
Gud har omsorg for deg, han har omsorg for meg. Og sjølv om eg framleis ikkje veit akkurat kva Gud vil bruke meg til framover, så prøver eg (og klarer som regel) å kvile i at Gud svarer når og slik han ser det er best for meg. In God’s perfect time.
I tillegg er det viktig for meg å seie at sjølv om du ikkje veit heilt korleis framtida blir, så er Gud med deg akkurat i dag, han bryr seg om deg i dag, han kan bruke deg slik situasjonen er – i dag!
For mine tankar er ikkje dykkar tankar, og dykkar vegar er ikkje mine vegar, seier Herren. Som himmelen er høgt over jorda, slik er mine vegar høgt over dykkar vegar og mine tankar høgt over dykkar tankar. Jesaja 55,8-9
Legg din veg i Herrens hand! Set di lit til han, så grip han inn. Salme 37,5
Og til slutt, her er songen som er utgangspunktet for at eg skreiv akkurat denne andakten i dag.
Bønn Takk Gud for at du er med meg akkurat i dag. Takk for at du bryr deg om meg. Hjelp meg å stole på at du viser meg vegen. Takk for at eg kan leggje alt eg tenkjer på hos deg. Amen

