
Kva er då eit menneske?
Når eg ser din himmel,
eit verk av dine fingrar,
månen og stjernene
som du har sett der,
kva er då eit menneske –
at du hugsar på det,
eit menneskebarn –
at du tek deg av det?
Desse versa står i Salme 8,4-5 og er utgangspunktet for andakten denne veka. I denne store verda har Gud auga for kvart einaste menneske, han ser alt som er på denne jord.
Det er heilt utanfor min fatteevne. Korleis kan han sjå alle milliardar av menneske på jorda, på ein gong. Det er ikkje mogleg med vår menneskehjerne å forstå dette, men det står i Bibelen at han til og med veit kor mange hår me har på hovudet.
Blir ikkje fem sporvar selde for eit par skilling? Og ikkje ein av dei er gløymd av Gud. Ja, kvart hårstrå på hovudet dykkar er talt. Ver ikkje redde! De er meir verd enn mange sporvar. Lukas 12,6-7.
I ei stor verd, med alt det som møter oss seier Jesus at me ikkje skal vera redde. Ingen av oss er gløymde av Gud. Som det står i versa i salmane, han hugsar på oss, han tek seg av oss.
Det å tru på Gud handlar ikkje alltid om å forstå. Eg likar godt når eg kan setje opp eit reknestykke, og få eit svar der eg kan setje to strekar under for å bekrefte at slik er det. Og sjølv om eg ikkje alltid kan setje to strekar under svara på spørsmåla eg har, så har eg ein Gud som veit svara og kan setja to strekar under alle dei spørsmål eg måtte ha. Når han veit, treng ikkje eg alltid å vite. Som eg har skrive i tidlegare andaktar, gjeld det å kunne sleppe litt av kontrollen som eg så gjerne ønsker å ha. Gud veit, han har kontroll.
Når eg ser rundt meg i naturen, ser på månen og stjernene på himmelen. Eg ser så liten og ubetydeleg ut i den store samanhengen. Kva er då eit menneske? Men Gud ser meg, han bryr seg om meg. Takk!
I salme 139 står det mange flotte vers om korleis Gud kjenner oss, eg tek med meg vers 1-3 til slutt i dag:
Herre, du ranskaker meg og du veit – du veit om eg sit eller står, på lang avstand kjenner du mine tankar. Om eg går eller ligg, ser du det, du kjenner alle mine vegar.
Songen i dag heiter «Wonderfully made» og er sunge av Ellie Holcomb:
Bønn
Takk Gud for at du ser meg.
Takk for at du bryr deg om akkurat meg.
Eg ber om at fleire må få sjå kven du er.
Amen

