
Nysnø
Tenk deg at det er snø ute, og du er ute på ein skitur. I løpet av denne skituren lager du mange spor, kanskje det også er nokre plasser med ei grop i snøen der du falt i ein nedoverbakke.
Dei som kjem etter deg kan sjå spora dine, og sjå at i akkurat den bakken så gjekk det ikkje så bra. Men så skjer det noko i løpet av natta, det kjem nysnø, alle spora dine blir dekka over. Og når det nå kjem nokon etter deg der du gjekk dagen før, så er det ikkje eit einaste spor. Spora er heilt umoglege å finne igjen, same kor mykje ein leiter.
Gud toler ikkje synda som me gjer. Men Jesus, som er utan synd, vart krossfest og tok med det vår synd på seg. Eg synes at nysnø er eit godt bilde på korleis Gud ser på synda vår gjennom Jesus.
Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal bli rettferdige for Gud i han. 2. Kor. 5,21
Skuldbrevet mot oss sletta han, det som var skrive med lovbod; han tok det bort frå oss då han nagla det til krossen. Kol. 2,14
Spora våre i snøen, store eller små spor, kan vere eit bilete på synda vår. Det er ikkje mogleg å ta synda vekk sjølv. Viss me prøver å glatte til snøen over spora våre, så gjer me det eigentleg berre verre. Men så sende Gud Jesus, nysnøen, då blir det heilt umogleg å sjå synda vår, spora er heilt borte. Det er faktisk ikkje mogleg å finne dei att.
Me menneske kan seie me tilgir når nokon har gjort noko gale mot oss, men gløymer me? Når Gud tilgir, så er synda heilt borte, han ser oss gjennom Jesus. Det er ingen spor, ingen fall, nysnøen har lagt seg.
Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren. Om syndene dykkar er som purpur, skal dei bli kvite som snø, om dei er raude som skarlak, skal dei bli kvite som ull. Jesaja 1,18.

Dette er Guds kjærleik til oss, vi har blitt gjort rettferdige, heilt ufortent. Det er Guds nåde! Det einaste me må gjere er å ta imot denne nåden som er gitt oss. Då kan nysnøen leggje seg over alle spora våre.
Men Gud viser sinn kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.. Når vi no har vorte rettferdiggjorde ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han blir frelste frå vreiden! Rom. 5,8-9
Bønn
Kjære Gud.
Takk for at du sende Jesus.
Takk for at du gløymer synda mi heilt.
Eg ber for at fleire må sjå kva du har gjort for dei.
Amen
Songen i dag er sunge av Clas Vårdstedt og heiter «Genom allt är Du den som bär»:

