
Ordet
Me nærmar oss etterkvart påske, og utan krossen og ei tom grav ville ikkje kristentrua mi vore mykje verd. Takk og lov for at Jesus tok alle mine synder på seg, slik at me som trur på Han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv!
Eg skal denne veka ha ein liten andakt for nokre born, temaet for andakten er det som skjedde på Palmesøndag, når Jesus rei inn i Jerusalem på ein eselfole. Så då tenkte eg at det også kunne vere utgangspunktet for denne andakten.
I Johannes 12, 12-13 står det: Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem. Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa: Hosianna! Velsigna er han som kjem i Herrens namn, Israels konge!
Jesus var på veg inn mot Jerusalem, folket tok i mot han som ein konge. Dei kjende til det som stod i Det gamle testamentet, om at kongen skal koma ridande på eit esel. Det står i Sakarja 9,9: Bryt ut i jubel, dotter Sion! Rop av glede, dotter Jerusalem! Sjå, kongen din kjem til deg, rettferdig og rik på siger, fattig er han og rid på eit esel, på ein eselfole.
Folket jubla, dei ropte hosianna, fordi dei kjende til ordet som fortalde om kongen som skulle kome. Men Jesus var ikkje den kongen dei hadde sett føre seg, han kom ikkje med «pomp og prakt». Han gav ikkje folket siger slik dei trudde sigeren skulle koma, over romarane som hadde makta på den tida. Jesus visste dette på veg inn, han visste at dei same folka som no jubla, skulle om berre nokre dagar ha eit sterkt ønske om å krossfeste han.
Overskrifta for andakten er ordet. Me har fått ordet frå Gud gjennom Bibelen, heile Bibelen. Jødane som også på den tida hadde Det gamle testamentet å forhalda seg til, klarte ikkje å sjå at Jesus var Messias som skulle koma.
Lat oss i dag be om at Gud må hjelpe oss til å forstå det som står i Bibelen, og ta vare på det. Då trur eg me er best mogleg rusta til å møte dagane me har fått tildelt her på jorda. I 1. Kor. 1,18 står det: For ordet om krossen er dårskap for dei som går fortapt, men for oss som blir frelste, er det Guds kraft. For oss som seier ja til Jesus, og vil ha han til Herre i livet, er det som står i Bibelen ei Guds kraft.
I Hebrearbrevet kapittel 4 står det i vers 12: For Guds ord er levande og verksamt. Det er skarpare enn noko tvieggja sverd og trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømmer dei tankar og planar som bur i hjartet.
Guds ord er levande. Det er ikkje berre noko som er skrive ned for veldig mange år sidan, det er levande. Lat oss difor ta i mot det som står i Bibelen med opne hender.
Og så håper eg at det ikkje blir slik som folket som tok imot Jesus i Jerusalem med jubelrop og hosianna, at dei nokre dagar seinare vende seg imot Jesus fordi han ikkje var slik som dei trudde, han var ikkje kongen slik dei hadde sett for seg.
Jesus er kongen, Bibelen er Guds ord. Og sjølv om ikkje me alltid ser ting klart, har Gud framleis full kontroll.
Songen eg har funne fram i dag er sunge av Leanna Crawford og heiter Truth I`m standing on. Tittelen på songen kunne like godt vore overskrifta på andakten i dag. Bibelen, ordet, er sanninga som er fundamentet i livet mitt.
Bønn
Takk Gud for at du sende Jesus til jorda.
Takk for at Jesus tok mine synder på seg.
Hjelp meg til å prioritere tid til å lese i Bibelen.
Hjelp meg til å sjå sanninga i ditt ord.
Takk for at ordet ditt er sant og aktuelt og i dag.
Amen

