Ein del av eit lag

Eg er nok over gjennomsnittet interessert i fotball, og denne veka så starta Eliteserien i fotball ein ny sesong. Då synest eg det er kjekt å setje seg ned for å sjå ein kamp eller to.

Det som er med fotball er at det er ein lagsport. Det er 11 spelarar på kvart lag i tillegg til innbyttarar, og så er det ein trenar som har ansvaret for å leggje til rette slik at laget presterer best mogleg utpå banen. Sjølv stjernespelarar er avhengige av laget, det nyttar ikkje å vinne kampen åleine, uansett kor god du måtte vere.

I tillegg til at du er avhengig av å vere ein del av eit lag, så har spelarane likevel ulike kvalitetar. Nokon er best i mål, andre trivst best som spiss og ein likar seg best i forsvar. Ulike, men del av eit lag som har same mål, å vinne kampen.

I kapittel 12 i 1. Korintarbrev skriv Paulus om nådegåver, og då samanliknar han oss med ein kropp:

For liksom kroppen er ein, endå han har mange lemer, er alle lemene ein kropp, endå dei er mange. Slik er det med Kristus og. For med ein Ande vart vi alle døypte til å vera ein kropp, anten vi er jødar eller grekarar, slavar eller frie, og alle fekk vi ein Ande å drikka. For kroppen er heller ikkje ein lem, men mange.

Om foten ville seia: «Fordi eg ikkje er hand, høyrer eg ikkje med til kroppen», så høyrer han like fullt med til kroppen. Og om øyret ville seia: «Fordi eg ikkje er auge, høyrer eg ikkje med til kroppen», så høyrer det like fullt med til kroppen. Om heile kroppen var auge, kvar vart det då av høyrsla? Om alt var høyrsle, kvar vart det då av luktesansen? Men no har Gud gjeve kvar einskild lem sin plass på kroppen, så som han ville det.

Som kristne er me ulike, me har ulike utrustning og ulike nådegåver. Og det er så fort gjort å sjå på kva andre gjer, gjerne på dei oppgåvene som er meir synlege enn andre. Men her er Bibelen tydeleg på at me er ulike, me skal ikkje gjere det same. Og me er like viktige alle saman, men med ulike tenester.

Viss alle var spiss på laget, kvar vart det då av målmannen? Det hadde ikkje gått, det er det same som Paulus skriv om at viss alle var auge, kvar vart det av høyrsla?

Viss alle skulle synge, kor vart det då av personen som ber, viss alle skulle tale, kvar vart det då av den som vaskar etter møtet? La oss heller vere takksame for at me får vere eit lem på Kristi kropp som Paulus skriv i vers 27 i same kapittel: Men de er Kristi kropp, og kvar av dykk ein lem på han.

I Johannes 15,4-5 samanliknar Jesus seg med eit vintre, og at me som trur på han er greinene på dette vintreet: Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, slik kan heller ikkje de bera frukt viss de ikkje er i meg. Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera.

På fotballbanen har trenaren ein plan, spelarane må dra i same retning for at laget skal lukkast. Jesus er vår fotballtrenar, me er spelarane. Han er vintreet, me er greinene. Utan han har me ikkje sjans til å lukkast, men viss me høyrer på kva han har å seie, då vil me kunne bære mykje frukt.

Til slutt vil eg minne oss alle på at me må ta vare på kvarandre og heie kvarandre fram. Me er ulike, og det er slik det skal vere. Her er nokre vers frå kapittel 12 i Romarbrevet:

Vi har ein kropp, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. På same måten er vi alle ein kropp i Kristus, men kvar for oss er vi lemer for kvarandre. Rom. 12,4-5

Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve! Rom. 12,10

Bønn:
Kjære Jesus.
Takk for at me får vere greinene på ditt vintre.
Takk for at me er ulike.
Takk for at eg får vere ein del av ein større samanheng.
Hjelp oss til å bruke gåvene me har fått på ein god måte.
Hjelp oss til å oppmuntre kvarandre.
Amen

Songen i dag heiter Unity Hymn og er sunge av Mike Donehey: