
Fridom
Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under slaveåket. Gal 5,1
Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Blir de verande i mitt ord, er de verkeleg mine læresveinar. Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie. Joh. 8,31-32
Får Sonen gjort dykk frie, blir de verkeleg frie. Joh. 8,36
Sjå for deg ein som har sete i fengsel i mange år, han er der fordi han har gjort noko han ikkje burde og må ta straffa for det. I fengselet kan han ikkje gjere som han vil, men han veit han er skuldig og difor må han ta straffa ved å sitje i fengsel. Fridomen er tatt bort.
Ein dag kjem fengselsbetjenten, han låser opp døra og seier: «Du er fri, det er ein mann som vil ta straffa i staden for deg, du er fri!» Han som er i fengsel har fått fridom, trass det han har gjort gale. Det einaste han må gjere er å ta steget frå fengselscella og ut i fridomen, akkurat det valget må han ta sjølv.
Og så veit me at det ikkje er akkurat slik det fungerer i Norge. Har du gjort noko som er mot lova, og du blir dømd til fengsel for dette, så må du sone dette sjølv.
Men dette bildet fungerer faktisk heilt fint når det gjeld kva Jesus har gjort for meg og deg. Når han døydde på korset, så tok han på seg all skuld for alle menneske. Det einaste me må gjere er å ta steget ut i fridomen, seie ja til Jesus som vår frelsar. Jesus har kjøpt oss fri frå slaveåket som Paulus skriv om i Galatarbrevet. Han har frigjort oss. Og som Jesus sjølv seier i Johannes, når Sonen får gjort oss frie, ja då er me verkeleg frie.
Mange vil kanskje seie at det å vere kristen umogleg kan vere det same som å vere fri, det er jo det motsette av å vere fri. Ingen kan tvinge meg til å tru på Jesus blir kanskje sagt. Det er heilt sant, ingen kan tvinge nokon til å tru på Jesus.
Eg klarer ikkje heilt å forklare den fridomen eg kjenner på som kristen med ord. Det er ei blanding av takksemd, tryggleik, glede med meir. Eg treng ikkje vere bekymra for kva som skal skje når eg ein dag døyr, Jesus har kontroll, eg kan kvile trygt i hans armer. Det er fridom det, både no og inn i æva.
Det er ein song som heiter «Frihet», sunge av Sentrums, som eg synes er så fin. Teksten beskriv noko av det eg kjenner på i forhold til fridomen eg har i Jesus:
Ved ditt navn
Har jeg funnet fred
Håp for min sjel
Du gjorde meg hel
Du er her
Dødens makt er brutt
Du satte meg fri
Du gav meg liv
Frihet
Frihet
Ren og rettferdig i evighet
Nåde, bare nåde
Din død ble min frihet
Sjå for deg mannen som var på veg ut av fengselet, han var fri, heilt ufortent. Ein annan hadde tatt straffa for han. Kva trur du han ville kjent på? Eg trur han ville kjent på ei utruleg takksemd for mannen som tok straffa for han, saman med kjensla over å vere heilt fri.
I han har vi fridomen, kjøpt med hans blod, tilgjeving for syndene. Ef. 1,7
Bønn
Kjære Jesus
Takk for at du kjøpte oss fri.
Takk for at du døydde på korset for meg.
Eit uendeleg stort takk for fridomen.
Amen

