Han er stått opp!

Me er inne i påskeveka, og teksten som er utgangspunktet i dag er henta frå Matteus 28, 1-10:

Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava. Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han. Han var som eit lyn og sjå til, og kleda hans var kvite som snø. Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde.

Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste. Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg! Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han. – No har eg sagt det til dykk.»

Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til læresveinane. Og sjå, Jesus kom imot dei og sa: «Vær helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han. Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.»

Tenk kor utruleg det eigentleg er, Jesus har stått opp. Han var død, han døydde på korset. Soldatane stakk til og med spyd i sida på Jesus for å sjekke at han faktisk var død. Men nå, nokre dagar seinare så er han ikkje lengre i grava. Ein engel sit oppå steinen som var framfor grava, han seier at Jesus er ikkje i grava, han er stått opp!

Dette er ein tekst som eg har høyrt og lest fleire gonger. Men så er det noko med tekstane i Bibelen, ofte så ser du «nye» ting i tekstar, sjølv om du har lest dei mange gonger. Engelen seier til kvinnene at dei ikkje skal vera redde, og at Jesus har stått opp. Dei skunder seg for å fortelje dette til læresveinane, og det står at då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade. Og når eg leste teksten i dag, så la eg merke til denne motsetninga. Dei har nettopp fått beskjed om at Jesus som døydde for kort tid sidan, han var ikkje lengre død. Maria og Maria er sjølvsagt jublande glade, men samtidig er dei redde. Kanskje tenkjer dei på det dei nettopp har sett, engelen, den tomme grava, kva vil hende vidare no? Eg forstår godt at dei både er jublande glade og redde.

Så opplever dei at Jesus kjem imot dei på vegen til læresveinane. Han gjentek det engelen sa, at dei ikkje skal vera redde. Dei visste at Jesus var død, men så stod han der rett framfor dei. Då trur eg litt av redselen som dei kjente på forsvann, det var sant det engelen sa, Jesus var stått opp.

Jesus seier til oss og at me ikkje skal vere redde. Han døydde for at me skulle få evig liv gjennom han. Jesus har overvunne døden, han lever! Halleluja!

Bønn
Kjære Jesus.
Takk for at me ikkje treng å vere redde.
Takk for at du stod opp igjen.
Amen

Phil Wickham syng songen Christ is risen: