Sanninga

Eg leste for ei tid tilbake ein andakt skrive av Håvard Sande, som eg har brukt som utgangspunkt denne veka. Det var tre bibelvers i denne andakten. Det var desse:

Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg. Joh. 14,6

Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie. Joh. 8,32

I han er vi frikjøpte og har fått tilgjeving for syndene. Kol. 1,14

I Bibelen står det ikkje om fleire sanningar, men det står om ei sanning. Denne sanninga er Jesus, og den einaste vegen til Gud er gjennom å tru på han, han vil setja oss fri.

Så kan det vere ganske tøft og upopulært i dag å seie at det berre er ei sanning. Mange vil hevde at det du meiner er vel og bra, og er rett for deg. Men fleire vil seie at det andre meiner og er rett. Så lenge det er rett for deg, er det bra. Alle kan finne si eiga sanning.

Bibelen seier det ikkje slik, det er berre ei sanning.

Og så ønskjer ikkje eg å snakke ned folk med andre meiningar enn meg, det er heldigvis sånn at me framleis har ytringsfridom i Noreg og alle kan meine det dei vil. Men eg er fullt overtydd over at Jesus er den sanninga som alle treng, og eg vil så gjerne at andre og skal få sjå og oppleve denne sanninga i livet sitt.

Eg skreiv sist veke om det å vere på same laget, me er ulike greiner på det same treet. Etter andakten var det ei som skreiv til meg at me er på himmel-laget, på vinnar-laget. Og det er akkurat det me er, sjølv om det ikkje alltid ser så lyst ut, så er me på vinnarlaget. Og på dette laget er det god plass, her finn du sanninga, her finn du fridom, her får du fred. Det er så fantastisk stort å få vere ein del av, og så har me noko endå betre i vente.

La oss derfor ta vare på sanninga, og la oss dele det som står i Bibelen med andre slik at vi får fleire med oss på vegen.

North Point Worship og Lauren Daigle syng songen “You alone”, der strofa “I will trust in you alone” går igjen. Og det er nettopp det det handlar om; å stole på Gud, berre han, det er han som er sanninga.

Bønn
Takk Gud for at du er sanninga.
Takk for at du sende Jesus slik at
me kan få ta del i denne sanninga.
Gi oss mot slik at me kan dele sanninga med andre.
Takk for at du er med.
Amen