
Ei brikke i eit puslespel
Graset tørkar bort, blomen visnar, men ordet frå vår Gud står evig fast. Jesaja 40,8.
Kva ser du for deg når du les dette bibelverset frå Jesaja? Tørt gras og visne blomar? Ein bibel? Dette bibelverset stod i bordkalenderen min sist veke. Og eg såg for meg at graset og blomane visnar og forsvinn, medan Guds ord, det som står i Bibelen varer evig.
Det står så mange fine enkeltvers i Bibelen, både i Det gamle testamentet og i Det nye testamentet. Tenk deg at kvart enkelt bibelvers er ei lita brikke i eit stort puslespel på mange tusen brikker. Nokre brikker er lyse og fine, medan andre er mest heilt svarte og ser triste ut. Men når du set brikkene saman så ser du at brikkene passar inn i eit større bilde. Det kan vere litt vanskeleg å finne brikker som passer saman nokre stader, men dei er der, det gjeld berre om å finne dei.
Så trur eg ikkje det er sånn at me klarer å setje saman heile puslespelet sjølv, me har ikkje det ferdige biletet å sjå på. Paulus seier i 1. Kor 13,12: No ser vi i ein spegel, i ei gåte, men då skal vi sjå andlet til andlet. No skjønar eg stykkevis, men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.
Når eg nokre gonger les eit bibelvers, så blir det med det. Eg les bibelverset, synes kanskje det var fint, og takkar for det Gud gir meg frå dette bibelverset. Men andre gonger les eg kanskje kapittelet som bibelverset står i, kanskje eg les frå ein bibelkommentar som omhandlar dette kapittelet, eller kanskje eg høyrer ein andakt ut frå det som står. Eit bibelvers er så mykje meir enn berre eit bibelvers, det står i ein samanheng. Det går an å finne puslespelbrikkene som er rett rundt, kanskje du finn ut at brikka du fant sist veke, passar saman med brikka du fant denne veka, og ser litt meir av det store bildet.
Tilbake til bibelverset frå Jesaja 40 som eg starta denne andakten med, men no tek eg også med vers 6 og 7: Ei røyst seier: «Rop ut!» Eg seier: «Kva skal eg ropa?» «Alle menneske er gras, all deira truskap er som blomen på marka. Graset tørkar bort, blomen visnar når Herrens ande blæs på han. Sanneleg, folket er gras. Graset tørkar bort, blomen visnar, men ordet frå vår Gud står evig fast.»
Kva ser du no for deg? Eg ser i alle fall for meg at me menneske ikkje skal vera her på jorda for alltid, ein dag skal me visna og døy. Men Guds ord står evig fast, det kan me stole på! Me må ropa det ut til alle, at alle treng Gud, alle treng å høyre det som står i Bibelen. Av og til tør me knapt å kviskre at Jesus døydde for oss menneske, men Jesaja seier at me skal rope ut at alle menneske er gras, me er forgjengeleg, men Gud er evig!
Verset var fint åleine, men får litt meir fylde når eg i tillegg les versa framfor. Eg har pusla saman litt fleire puslespelbitar.
Eg vil til slutt ta med meg versa som står i 2. Tim 3,16-17: Kvar bok i Skrifta er innanda av Gud og til nytte i opplæring, formaning, rettleiing og oppseding i rettferd, så det mennesket som høyrer Gud til, kan bli fullt utrusta til all god gjerning.
Songen eg har funne fram i dag er «Eternal God» som er sunge av Ascension Worship:
Bønn
Takk Gud for det som står i Bibelen.
Hjelp meg til å pusle saman brikkene slik at eg ser eit større bilete av deg.
Takk for at du har gitt oss ordet ditt.
Amen

