
Finne kvile
Nokre dagar har ein nok med seg sjølv. Kanskje du er trøytt, det er mykje som har skjedd, du er uroleg og har alt for mykje å tenkje på? Eller kanskje du har gått mange netter med lite søvn, det tærer på både det eine og det andre? Kanskje du har opplevd noko som tek alle krefter og all tankeverksemd?
Då er det ikkje sikkert at du har overskot til å lese i Bibelen eller ta til deg av Guds ord. Om du har det litt tungt akkurat no, så ta til deg følgjande to bibelvers. Dette er bibelvers som eg kjem tilbake til gong på gong, særleg dei dagane som er litt tyngre enn andre:
Han let meg liggja i grøne enger, han fører meg til vatn der eg finn kvile. Salme 23,2
Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! Matteus 11,28
Viss eg ikkje hadde hatt denne kvila når livet står på som hardast, så veit eg ikkje kva eg ville gjort. Den kvila eg finn når eg går til Gud, den har eg ikkje funne nokon annan plass.
Og så er det sånn for min del, at når eg er trøytt og sliten treng eg ikkje så mange ord. Det er nok med nokre bibelvers og ein fin song som seier noko om at Gud er med uansett korleis dagen og veka mi er. Det er stort, takk Gud!
Songen i dag er sunge av Elica Moore og heiter Rest:
Bønn
Kjære Jesus.
Takk for at eg kan finne kvile hjå deg.
Takk for at du er med alle dagar.
Eg ber i dag spesielt for dei som har det tungt og vanskeleg.
Ver du nær.
Amen

