Heilt til enden av jorda

I dag er det Kristi Himmelfartsdag, og då synes eg det passar med bibelteksten frå Apg. 1, 6-11:

Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er tida komen då du vil reisa opp att riket for Israel?» Han svara: «Det er ikkje gjeve dykk å kjenna tider og stunder som Far har fastsett av si eiga makt. Men de skal få kraft når Den heilage ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og heilt til enden av jorda.»

Då han hadde sagt dette, vart han lyft opp medan dei såg på, og ei sky tok han bort for auga deira. Som dei stod og stirte opp mot himmelen då han for bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei og sa: «Galilearar, kvifor står de og er opp mot himmelen? Denne Jesus, som vart teken bort frå dykk opp til himmelen, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»

Dei siste orda me seier når me skal reise er ofte «hade», «på gjensyn» eller liknande. Men nokre gonger er det viktige ting som må huskast for dei som blir att heime, som for eksempel «husk å vatne blomane», «nøklane ligg i skuffa» eller «ikkje gløym å ta inn posten». Men som regel har ein tid til både vinking og klemmar før avreisa skjer.

Når Jesus for opp til himmelen, så skjedde det ganske brått. Nokre av læresveinane hadde stilt han eit spørsmål, han svarte på spørsmålet og så vart han lyft opp medan dei såg på. Men eg tenkjer likevel at dei siste orda til Jesus ikkje var tilfeldig. Me kan dele svaret hans opp til læresveinane i 3 punkt, og desse punkta er like aktuelle for oss som dei var for dei.

  1. Det er ikkje gitt oss å kjenna tider og stunder til det Gud har fastsett.
  2. Me skal få kraft av Den Heilag Ande.
  3. Me skal vera Jesus sine vitne.

Jesus reiste opp til himmelen denne dagen for 2000 år sidan, men han skal kome igjen. Det fortel Bibelen om mange stader, men me veit ikkje når, og me får heller ikkje vite når. Me har berre fått vite at me må vere klar, og som det står i Matteus 25,13: Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.

Når nå Jesus ikkje var på jorda lengre, så fekk læresveinane Den Heilage Ande ikkje lenge etterpå, på pinsedag. Alle som tek i mot Jesus som sin Herre får og Den Heilage Ande. Jesus seier i Lukas 11,11-13: Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om fisk, eller gjev han ein skorpion når han bed om egg? Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far i himmelen gje Den heilag ande til dei som bed han!»

Den Heilag Ande er ei god gåve som er med å rettleiar oss i kristenlivet og som hjelper oss til å forstå det som står Bibelen. I Galaterbrevet 5,22-23a står det: Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, augmjukskap og sjølvdisiplin.

Det aller siste Jesus sa medan han var her på jorda var at læresveinane skal vera hans vitne heilt til enden av jorda, og det gjeld oss også i dag. Der me er kan me vere Jesus sine vitne. Me skal få vere med å fortelje andre, på kvar vår måte, at Jesus er verda sin frelsar, og at ingen kjem til himmelen utan gjennom han.

Me er utrusta med krafta frå Den Heilage Ande, me er ikkje åleine! Me har ein fantastisk bodskap å kome med, det står faktisk om livet, livet saman med Jesus.

Songen i dag er sunge av Katy Nichole og heiter «Turn to Jesus»:

Bønn
Kjære Jesus.
Takk for at du er verda sin frelsar.
Takk for at du sende Den Heilage Ande.
Takk for at du er med oss kvar dag.
Hjelp oss å fortelje andre om deg.
Amen