
Talsmannen
Jesus er saman med læresveinane, det er det siste måltidet før han skal døy på krossen. Judas har nettopp forlatt dei etter at Jesus hadde sagt at han kom til å svike han. I tillegg har Jesus fortalt Peter at han kjem til å fornekte han 3 gonger. Ikkje akkurat lysteleg stemning vil eg tru?
Men i Johannes kapittel 14, 15, 16 og 17 seier Jesus mykje til oppbygging, både for læresveinane og for oss. Det ser ut som han førebur læresveinane for tida som skal koma. Ta deg gjerne tid til å lese desse kapitla når du har anledning, her er det mykje godt å lese!
Jesus skal døy, han skal stå opp igjen, og han skal opp til himmelen. Jesus vil ikkje la læresveinane vere att på jorda åleine når han reiser fysisk i frå dei. Då kjem han med ein lovnad om Den Heilage Ande, og det står i Joh. 14,15-18:
Elskar de meg, så held de boda mine. Då vil eg be Far min, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid: Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk. Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born. Eg kjem til dykk.
Jesus vil ikkje la oss vere på denne jorda som foreldrelause born, som må klare oss på eiga hand. Nei han sendte Den Heilage Ande til læresveinane i pinsa, og Jesus seier til dei at han bur hos dykk og skal vera i dykk. Dette gjeld for oss og, for kvar den som tek i mot Jesus, der kjem Den Heilage Ande for å bu.
På bibelappen min i dag så kom det opp følgjande bibelvers frå 1. Kor. 3,16: Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk?
Tenk, me har ein talsmann som bur i oss. Men kva er eigentleg ein talsmann? Eg er ikkje bevandra i det greske språket, men eg har kjøpt meg ei bok som heiter «Innsikt – Studieutgave til Det Nye Testamentet med nøkler til ordene i grunnteksten», utgitt av Norsk Bibel. Ein lang tittel, men det er til tider ganske interessant å lese om orda som var brukt når Bibelen vart skriven. Og når eg slår opp på talsmann, er dette noko av det som står:
«En som er blitt eller kan bli tilkalt til hjelp, en hjelper, en trøster. Brukt av greske forfattere om en juridisk rådgiver, en som taler en annens sak, en advokat eller forsvarer, en som står fram på vegne av en annen. Kristus blir i 1. Joh. 2,1 omtalt som vår talsmann, en stedfortreder som går i forbønn for oss. De andre stedene hvor ordet forekommer, er det Jesus som omtaler Den Hellige Ånd som talsmannen.
Derfor er Den Hellige Ånd, slik Jesus Kristus betegner ham, lik med ham selv, Gud. Denne nye talsmannen, Den Hellige Ånd, skulle vitne om Jesus Kristus, og herliggjøre ham. Den Hellige Ånd kalles en talsmann fordi han utfører Kristi tjeneste i verden mens Kristus sitter ved Guds høyre hånd og ikke er til stede på en fysisk synlig måte i verden. Når Kristus i Joh. 14,16 omtaler Ånden som den annen talsmann, innebærer det samtidig at han betegner seg selv som den første talsmann.»
Me har ein talsmann, ein advokat, ein som talar vår sak, ein hjelpar og trøystar. Det er godt å tenkje på. Den Heilage Ande skal også hjelpe oss til å vekse som kristne, og til å forstå det som står i Bibelen. Jesus seier vidare til læresveinane i Joh. 14,26: Men Talsmannen, Den Heilage Ande, som Far skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg har sagt dykk.
Utan Den Heilage Ande, utan talsmannen som bur i oss, hadde det blitt vanskeleg å leve som kristen.
Det finst mange fine songar som kjem inn på Den Heilage Ande, men eg vil i dag ta fram ein gammal song som Lina Sandell har skrive; O Jesus åpne du mitt øye. I tredje verset står det:
Jeg har en talsmann tro i nøden.
En trøster og en hjelper god.
Jeg har et evig liv i døden,
En evig fred i Jesu blod.
Songen her blir sunge av Sveinung Hølmebakk
Bønn
Takk Jesus
Takk for at du sende Den Heilage Ande til å bu i oss.
Takk for han hjelper oss til å forstå meir av det som står i Bibelen.
Hjelp oss å dele dette med andre.
Amen

