Dei let seg ikkje stansa

Peter, ein av læresveinane til Jesus. Han som så modig sa at han aldri ville fornekte Jesus, men som gjorde akkurat det når Jesus vart teken til fange. Han som gøymde seg saman med dei andre læresveinane etter at Jesus døydde på korset, dei var redde.

Kva så med Peter etter at Jesus hadde stått opp igjen, etter at Jesus hadde reist opp til himmelen, etter at Peter hadde fått Den Heilage Ande? I Apostelgjerningane kapittel 5, vers 27-42 står det litt om når Peter og nokre apostlar nok ein gong vart forhøyrt av «høge herrar» som ikkje likte at dei fortalde om Jesus. Det er litt langt, men vel verd å lese:

Så tok dei apostlane med seg og stilte dei fram for Rådet. Og øvstepresten tok til å spørja dei ut: «Forbaud vi dykk ikkje strengt å undervisa om dette namnet? Og no har de fylt heile Jerusalem med læra dykkar og vil leggja skulda for blodet til denne mannen over på oss.» Men Peter og apostlane svara: «Ein skal lyda Gud meir enn menneske! Våre fedrars Gud reiste opp Jesus, han som de hengde på eit tre og drap. Han har Gud lyft opp og sett ved si høgre hand som fyrste og frelsar, for at han kan gje Israel omvending og tilgjeving for syndene. Om alt dette kan vi vitna, vi og Den heilage ande som Gud har gjeve dei som lyder han.»

Då dei høyrde dette, vart dei rasande og sette seg føre å drepa dei. Men ein farisear som heitte Gamaliel, ein lovlærar som heile folket sette høgt, reiste seg i Rådet, bad dei føra mennene ut ei lita stund og sa: «Israelittar! Tenk dykk vel om før de gjer noko med desse mennene! For ei tid sidan stod Tevdas fram. Han gav seg ut for å vera noko stort, og om lag fire hundre menn slo lag med han. Men han vart drepen, og heile flokken av tilhengjarar løyste seg opp og vart borte. Etter han, på den tid det var folketeljing, kom galilearen Judas. Han drog med seg mykje folk, men han mista livet, og alle tilhengjarane hans vart spreidde. Og no seier eg dykk: Hald dykk unna desse mennene! Lat dei gå! For dersom dette er menneskevilje og menneskeverk, blir det ingenting av det. Men er det av Gud, kan de ikkje stansa dei. Det kunne visa seg at de strider mot Gud.»

Dei følgde rådet hans og kalla apostlane inn att. Dei let dei piska, forbaud dei å tala i Jesu namn og let dei så gå. Dei gjekk bort frå Rådet, glade fordi dei var rekna verdige til å lida vanære for Namnet skuld. Men dei let seg ikkje stansa. Både i tempelet og i heimane heldt dei dag etter dag fram med å undervisa og forkynna evangeliet om at Jesus er Messias.

Kva har skjedd med Peter, han som tidlegare ikkje torde å seie at han kjende Jesus? No står han framfor Rådet og seier rett ut «han som de hengde på eit tre og drap» og «ein skal lyda Gud meir enn menneske». Her er han ikkje redd for konsekvensane av det han seier, nei – tvert i mot. Når han og dei andre apostlane blir piska, for så å bli slepte fri med streng beskjed om å ikkje tala i Jesu namn. Då er dei glade for å bli rekna verdige til å lida vanære for Jesu skuld. Tenk at dei såg slik på det.

Har me noko å læra her? Eg er så mange gonger redd for kva andre skal seie viss eg seier eg er kristen, viss eg fortel om kva eg trur på. Eg blir inspirert av å lese om Peter, han var ikkje redd lengre. Han hadde noko å fortelje som var viktigare enn kva menneska rundt han sa og gjorde, han måtte berre fortelje om Jesus.

Og så kjem det siste verset i kapittel 5: Men dei let seg ikkje stansa. Både i tempelet og i heimane heldt dei dag etter dag fram med å undervisa og forkynna evangeliet om at Jesus er Messias.

Dei let seg ikkje stansa. Dei hadde blitt forhøyrt fleire gonger, dei hadde vore i fengsel, dei hadde blitt piska, men dei let seg ikkje stansa. La det vere slik for oss og. Sjølv om folk ikkje liker det me har å fortelje om Jesus og om det som står i Bibelen, la det vere slik at me ikkje lar oss stansa. Me har noko viktig å fortelje.

Songen i dag er sunge av Charity Gayle og heiter «I speak Jesus»:

Bønn
Kjære Jesus.
Takk for at du bryr deg om alle menneske.
Hjelp meg til å fortelje om deg.
Takk for at du er med meg.
Amen