
Gled dykk med meg
I kapittel 15 i Lukas så står det 3 likningar som Jesus fortalde. Først kjem den kor ein mann hadde 100 sauer og mista ein, og han leitte til han fann sauen igjen. Den siste likninga er om sonen som ville ha heile arven til faren, men enda opp med å bruka opp alt han hadde arva. Når han kom heim att etter å ha brukt opp heile arven tok faren likevel imot han med opne armar.
Likninga som står midt i mellom desse to er denne, og står i Lukas 15, 8-10:
Eller om ei kvinne har ti sølvpengar og mistar ein, tenner ho ikkje då ei lampe og sopar heile huset og leitar vel til ho finn han? Og når ho har funne han, kallar ho saman veninner og nabokoner og seier: ‘Gled dykk med meg! Eg har funne att det pengestykket eg hadde mista.’ På same måten, seier eg dykk, bli det glede mellom Guds englar over ein syndar som vender om.
Når eg var liten, var alle desse tre likningane noko eg fekk med meg på søndagsskulen. Om mannen som leita etter sauen han hadde mista, om kvinna som leita etter sølvpengen ho hadde mista, og om sonen som fekk kome heim til sin far sjølv om han hadde brukt opp alt han hadde fått. Men det var vel kanskje likninga om sølvpengen som sette seg minst. Kvinna mista pengen, og ho fann han igjen og vart glad. Eg la ikkje merke til noko meir med denne likninga.
For ikkje så lenge sidan leste eg noko Asbjørn Nordgård, i boka si «Troens ord», skriv om akkurat denne likninga. Det heile startar med ein kvardagssituasjon, kvinna har mista ein av sølvpengane sine. Og då er det ikkje så unaturleg at ho snur og vender på alt i huset til ho finn att pengen sin. Men når ho så har funne sølvpengen, så inviterer ho saman til eit selskap av veninner og nabokoner for å glede seg saman med henne. Vil ikkje dette fort kunne koste like mykje som mynten ho fann igjen? Det kjem jo sjølvsagt an på selskapet, men likevel.
Ein sølvpenge var ein del pengar på den tida. Fleire nettsider skriv om verdien til dåtidas sølvpengar, og alt etter korleis ein reknar, så kan ein tenkje at ein sølvpenge kunne vere omtrent 3-4 dagsløner.
Så på ein måte kan ein jo forstå at ho blir glad når ho finn sølvpengen, men er det ikkje ein liten overreaksjon å invitere til selskap? Så glad kunne ho då umogleg ha blitt. Hadde me invitert til fest om me hadde funne 3-4000 kroner som me hadde mista? Antakeleg ikkje.
Men dette seier noko om kva som truleg er poenget med denne likninga. Og her vil eg sitere det Asbjørn Nordgård skriv: «Jesus vil ha sagt oss at gleden i himmelen over én synder som blir omvendt er mye, mye større enn vi mennesker finner rimelig og naturlig. Hvorfor er det slik? Jo, fordi den verdien Gud setter på én menneskesjel er så mye, mye større en vi kan tenke oss.»
Nok ein gong så finn me ut at Gud har ikkje same målestokken som den me har. Verdien han har for eit menneske er så ufatteleg mykje større enn det me kan forstå med vår menneskelege kapasitet. Gud vil så inderleg gjerne at alle menneske skal tur på han, han vil finne oss alle. Og når eit menneske seier ja, eg vil tru på Jesus, då er gleda i himmelen så uendeleg stor.
Så då er det grunn til å invitere både venner og naboar til å feire og seie som kvinna i likninga: Gled dykk med meg!
Songen i dag er sunge av Jordan St. Cyr og heiter «Weary Traveler». Det kan omsetjast med «slitne reisande» og handlar om at det var ikkje meininga å reise gjennom livet åleine. Saman med Jesus kan du få leggja det som er tungt på han.
Bønn
Takk Jesus for at du høyrer når me ber.
Takk for at du bryr deg om alle menneske.
Eg ber om at fleire må finne ut at du er vegen, sanninga og livet.
Takk for gleda du viser når me tek imot deg.
Amen

