Gud er god!

Sist haust starta eg denne nettsida. Eg har sidan september lagt ut ein andakt kvar veke, i tillegg til bilder med bibelvers. Eg sa til meg sjølv og andre rundt meg at eg skulle halde på med denne nettsida fram til sommaren 2023. Då skulle eg, saman med Gud, avgjerda om eg skulle fortsetje eller avslutte.

Eg kan med ein gong fortelje at eg kjem til å fortsetje. Eg har fått fleire tilbakemeldingar på at folk les det eg skriv, og viss berre éin kan få noko frå Gud gjennom nettsida, så er det meir enn nok for meg. For eigen del har også eg personleg fått så utruleg mykje frå Bibelen og frå Gud gjennom det eg har fått lov å formidle, eg er så takknemleg for det. Så takk til alle dykk som er innom Fjellvatnet.no, ver gjerne med å be for nettsida vidare når eg etter ein liten sommarferie, skal starte opp igjen i slutten av august.

For nå tek eg ein liten pause, men eg er tilbake med nye andaktar frå torsdag 24. august. I mellomtida så vil det likevel bli lagt ut ein andakt kvar torsdag her på Fjellvatnet.no, det vil vere andaktar som eg har skrive tidlegare, og sjølv om du har lest nokre av dei før, så trur eg ikkje det gjer så mykje. Så følg gjerne med på torsdagane i løpet av sommaren og, ein andakt venter på å bli lest av deg😊

Ta med deg to bibelvers inn i sommaren:

For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre. Romarane 8, 38-39

Du er mitt vern og mitt skjold, eg ventar på ditt ord. Salme 119,114

Det er ingenting, INGENTING, som kan skilja oss frå Gud. Det kan du berre gjere sjølv. Så når du kjenner deg fortvila, engsteleg, redd eller frustrert over det som skjer rundt deg, så skal du vite at det likevel er eit fast haldepunkt i verda – det er Gud, han er den same, og ingenting kan riva deg ut av hans hand.

Gud er vårt vern og vårt skjold. Ta med deg Bibelen der du skal reise i sommar, eller om du er heime, ta deg tid til å lese nokre vers i Bibelen der og. Ordet er det same, Gud er den same, sjølv om både me og verda forandrar oss.

På den siste bibelgruppa eg var på før sommaren vart det spelt ein song av Bjørn Aslaksen som heiter «Den finaste songen». Med den vil eg takke for følget så langt, kom gjerne innom i løpet av sommaren, det blir andaktar kvar torsdag. Og så er eg tilbake 24. august med nye andaktar.

Heilt til slutt ein litt frimodig utfordring: Viss kvar av dykk som les denne andakten i dag, har lyst til i løpet av sommaren, å dele/fortelje om nettsida til ein person du møter på din veg, så hadde det vore kjekt. Ikkje fordi eg skal få flest mogleg besøkande på sida, det betyr ikkje så svært mykje, men kanskje det er nokon der ute som kan få eit glimt av Gud gjennom ein av andaktane.

Med ønske om ein god sommar, Gud er god!

Bønn
Takk for at du er med kvar dag.
Takk for at du elskar meg.
Takk for at ingenting kan skilja meg frå deg.
Eg ber for Fjellvatnet.no, bruk nettsida slik du ser er best.
Takk for sommarferie.
Amen