
Hjartet
Då er sommarferien over for dei fleste. Nokon synest den kunne vore mykje lengre, medan andre liker at kvardagen kjem tilbake. Uansett korleis din sommar har vore, så er i alle fall eg klar for å fortsetje med å skrive andaktar kvar torsdag utover hausten her på fjellvatnet.no.
Overskrifta på andakten i dag er hjarte. Utan hjartet vil ikkje kroppen kunne fungere, det er noko av det mest sentrale som Gud har skapt i oss alle saman. I løpet av ein dag så tenkjer ikkje så mange av oss på kva hjartet gjer. Det er berre der og pumpar blod gjennom kroppen 24-7, døgnet rundt.
I Bibelen så står det i Lukas 12, frå vers 22 og litt utover, om Jesus som fortel læresveinane at dei ikkje må uroe seg for livet, for kva dei skal eta, for kroppen eller for kva dei skal kle seg med.
Gud har same omsorga for oss som han hadde for læresveinane. Gud veit kva me treng, me kan søkje han først, så skal me få alt dette andre i tillegg (vers 31).
Rett etterpå seier Jesus noko til læresveinane som eg hadde lyst å stoppe litt for i dag. Det startar i vers 32 der Jesus oppfordrar til å dele det dei eig med dei fattige. I tillegg vil han at dei skal få seg pengepungar som ikkje kan slitast ut, ein uforgjengeleg skatt i himmelen. Det er ikkje ein fysisk pengepung han snakkar om, men ei tru som ingen kan ta frå oss, ein skatt som er større enn alle skattar på jorda til saman. Det er snakk om eit evig liv saman med Jesus.
Og så seier han i vers 34: For der skatten dykkar er, vil hjartet dykkar òg vera.
Eg tenkte det var ein fin måte å starte på etter ferien. Å minne kvarandre på kor det er lurt at fokuset vårt er. Hjartet, det viktige organet som er i kroppen vår. Kva fyller vi vårt hjarte med? For eigen del merkar eg at det er så mykje som vil ta bort fokuset mitt på det som er viktigast.
I vår brukte eg litt tid kvar vekedag på å lese litt frå Bibelen og annan kristen litteratur. Så kom sommaren, og med den så blir liksom alle rutinar litt borte. Det har vorte mindre bibellesing og tid saman med Gud. Etter den første veka utan dei faste leserutinane, merka eg det var noko som mangla, eg hadde ikkje fått så mykje input frå Gud som eg var vant med. Så i andre veka så vart det litt meir lesing, det gjorde veldig godt kjende eg. Men etter det så gjekk sommaren, og sjølv om eg og familien hadde ei veke på bibelcamp, der me fekk veldig mykje god forkynning. Så vart det likevel mindre lesing i Bibelen på eiga hand. Nå er me her i august, og eg kjenner det skal bli veldig godt å byrje med dei faste rutinane igjen. Eg ønskjer verkeleg å bruke litt tid kvar dag saman med Jesus.
Kvifor fortel eg dette? Fordi eg har merka kor enkelt det er å skli vekk frå tida ein bruker saman med Jesus viss ein ikkje er litt bevisst på det. Det er så mykje anna spennande å bruka tida si på. Men så merka eg så godt i vår, det å bruke tid saman med Jesus, det er faktisk ikkje så mykje som slår det.
Nei nå lyg han, tenkjer du vel… Det er mykje som slår det å sitje å lese i Bibelen. Ja, kanskje viss du les Bibelen som ei kva som helst anna bok, men Bibelen er ikkje ei vanleg bok. Det gir meg faktisk ei enorm glede og takksemd å bruke tida mi på denne måten, og når eg les i Bibelen så gir han meg fleire gonger ord som eg treng inn i mitt liv, i min situasjon, akkurat nå.
Så eg vil oppfordre meg sjølv, og alle som les dette. Bruk tid saman med Jesus i haust. For meg passer det å ha faste rutinar der eg prioriterer det å lese i Bibelen. Finn den måten som passar best for deg, men bruk tid saman med Han. For der skatten din er, der vil hjartet vera. Og når Jesus får vera i hjartet, så kan du og ta han med deg ut i kvardagen, i livet ditt, han bryr seg om akkurat deg og vil vera med uansett kva som skjer.
Bønn
Takk Jesus.
Takk for at du bryr deg om akkurat meg.
Hjelp meg å bruke tid saman med deg.
Eg ber for hausten som ligg framfor.
Takk for at du er med.
Amen
Songen i dag er sunge av Morgan Harper Nichols og heiter «Lead me back»:

