
Uro
I Johannes 14,1 seier Jesus følgjande til læresveinane: Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg!
I helga så var eg så heldig å få oppleve ein lovsongskonsert med David André Østby. Der fekk me høyra fleire fantastisk flotte lovsongar. Og som det står i Salme 95,2: Lat oss gå fram for han med lovsong, hylla han med song og spel!
Det er to ting eg vil ta fram som eg særleg sat igjen med etter denne konserten. For det første så kan ein kjenne på at ein kan vere litt åleine som kristen i kvardagen, at det ein trur på ikkje er noko som andre vil ha noko med å gjere. Difor er det så fantastisk godt å sjå at me faktisk er ganske mange som kan vere saman på ein kristen lovsongskonsert. Salen var heilt full, ein fullsett sal som song til Guds ære. Det var flott å få vere ein del av.
Så kjem kvardagen igjen, og ein blir igjen litt forsiktig i forhold til å vise kva ein trur på. Kva vil andre seie viss eg seier eg er kristen? Då er det fint å kunne ta fram dei gongene ein har vore fleire kristne saman, om det er ein konsert eller eit møte. Eg er ikkje åleine – lat ikkje hjartet uroast! Tru på Gud, han har det me treng kvar dag.
Den andre tingen eg vil seie litt om, er med utgangspunkt i ein av songane som vart sunge. Det er songen «Du sier», dette er ein song som Østby har oversett frå engelsk.
Han fortalde at han for ei tid tilbake hadde ein tung periode i livet sitt, der han var ganske langt nede. I denne perioden var det han skulle arbeide med å omsetje songen «You say» til norsk. Og medan han heldt på med dette opplevde han at orda i songen talte rett inn i hans liv, han fekk sjå livet frå ein annan vinkel, frå Guds side. Kva Gud har sagt om at han er glad i oss, at han elskar oss. Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg!
For meg var denne songen eit av fleire høgdepunkt på konserten. Her er nokre setningar frå teksten: «Når jeg ikke selv kan gå, så bærer Du mitt liv.» «For jeg har funnet sann identitet i hvem jeg er i deg.» «Du skal få hver seier, Gud, og Du skal få hvert nederlag.»
I kvardagen er fort gjort å uroa seg for mange ting. Men ta med deg Guds ord til deg i dag om at du ikkje må uroe deg. Tru på Gud, tru på han som har full kontroll. Til han kan du fortelje alt som uroar deg, han vil gje deg sin fred. Og då må eg berre ta med meg eit av mine favorittbibelvers til slutt i dag:
Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause! Joh. 14,27
Bønn Takk Jesus. Takk for at du kan gje ein fred som ikkje verda kan gje. Takk for at eg skal få tru på det du har sagt i ditt ord. Takk for at eg ikkje er åleine. Hjelp meg til å ikkje uroe meg. Takk for at du er med. Amen

