Som eit barn

Det står om barn fleire stader i Bibelen. Ein av desse stadane er i Matteus 18, 1-4:

I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Utan at de vender om og blir som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

Eg tenkjer at dette er typisk oss menneske, å spørje om kven som er størst. Og det er vel ikkje berre læresveinane som tenkjer slik, mange av oss tenkjer nok slik i dag og. Kva er det me måler oss ut ifrå? Kor stort hus ein har, kor mykje pengar ein har, kven som har reist på den flottaste ferien, kva for ein jobb ein har osv.

Me har ein tendens til å rangere kvarandre og samanlikne oss med dei rundt oss. Den som er «størst» er vel den som er mest vellukka?

Når læresveinane spør Jesus om kven som er den største i himmelriket, tenkjer dei kanskje at dei sjølv kjem ganske høgt opp? Eg veit ikkje, men Jesus svarer nok uansett ikkje slik som læresveinane hadde sett for seg.

For å understreke poenget sitt, ropte Jesus eit barn bort til seg. Barn på den tida hadde liten eller ingen betydning, dei vart ikkje rekna med. Men Jesus seier at dei må bli som dette barnet for å koma inn i himmelens rike.

Eg leste i ein bibelkommentar i Norsk Studiebibel at dette ikkje var eit ord om at læresveinane ikkje var kristne, men at meininga deira om himmelriket måtte endrast. Ein kjem inn i dette riket ved å ta det imot som ei gåve, av nåde.

Når me vaksne får ei gåve, så har me kanskje nokre tankar omkring å få denne gåva. Me tenkjer kanskje at me må gi noko tilbake, at me skulder den personen som kjem med gåva noko? Kanskje me tenkjer at denne gåva fortener eg ikkje?

Men når eit barn mottek ei gåve så tenkjer dei ofte ikkje så mykje, dei tek imot gåva med glede og frydar seg over å ha fått gåva. I eit sitat frå Norsk Studiebibel står det: «Det hører til barnets vesen at det tar imot foreldrenes kjærlighet og gaver uten å reflektere over om det har fortjent dette.»

Jesus har gitt oss ei gåve, det einaste me må gjere er å ta imot. Og så kan me ikkje heilt forstå at det er så enkelt, det er då me må bli som eit lite barn.

Så la oss ikkje samanlikne oss, og tenkje på kven som er størst. Me må bli som eit lite barn, ta i mot gåva, ta imot kjærleiken frå Jesus med opne armar.

I dag synes eg at songen til Oslo Gospel Choir passar godt, «Som barn i ditt hus»:

Bønn
Takk Jesus for at du høyrer når me ber.
Takk for at me kan få kome til deg.
Hjelp oss til å ta imot gåva du vil gi, som eit barn.
Amen