Min ven

Sist veke skreiv eg om Peter, om at det ikkje alltid er like lett å seie at ein trur på Jesus. Peter fornekta Jesus, men han kom tilbake til Jesus som tok imot han med opne armar.

Når eg leste i Matteus 26 sist veke la eg også merke til eit ord i eit av versa der som eg ikkje hadde lagt merke til før. I vers 50a står det:

Men Jesus sa til han: «Min ven, no har du gjort ditt!»

I nokre andre bibelomsetjingar står det:

Men Jesus sa til han: Ven, kvifor er du her?

Men Jesus sa til han: «Gjer det du er komen for, venen min!»

But Jesus said to him, “Friend, why have you come?”

Det er ganske likt det som står i dei ulike versjonane. Du har kanskje forstått kven Jesus snakkar til her. Kven er det som skal gjere det han er komen for å gjere? Staden er Getsemane, Jesus skal akkurat til å bli teken til fange. Judas har kyssa Jesus på kinnet for å vise kven Jesus var for dei som skulle ta han.

Men ser du det som eg ser i desse versa? Jesus seier til Judas: «Min ven». Han visste at han skulle forråde han, men likevel kallar han Judas for sin ven.

Det er godt med gode vener. Dei kan du kome til både når livet er godt, men og når ting er vanskeleg og du treng nokon å snakke med. Vener stiller opp når du treng det.

Jesus hadde prata med læresveinane om at dei ikkje lengre kunne kallast tenarar, dei var venene hans. Dette står i Johannes 15,15:

Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herrens hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har fortalt dykk alt eg har høyrt av Far min.

Jesus har fortalt til læresveinane at han ser på dei som vener. Er det dette han prøver å minne Judas på, at han er ein ven? At Judas kan kome til han om han treng å prate. Dette gjorde uansett inntrykk på meg når eg fekk lese desse versa på ny. Eg hadde ikkje lagt merke til at Jesus kalla Judas for ven. Eg veit ikkje om eg hadde kalla ein som svikta meg så veldig for ein ven lengre.

Dette berre viser nok ein gong kven Jesus er. Han går ikkje tilbake på det han tidlegare hadde sagt til læresveinane sine, han rekna framleis Judas som sin ven – trass det han hadde gjort.

Men det er her forskjellen på Peter og Judas kjem så tydeleg fram. Begge to angra på det dei hadde gjort, men det blei likevel så ulikt resultat. I Matteus 27,3-5 står det om Judas:

Då Judas, svikaren, såg at dei hadde dømt Jesus, angra han og gjekk tilbake til overprestane og dei eldste med dei tretti sølvpengane og sa: «Eg har synda. Eg sveik skuldlaust blod.» Men dei svara: «Kva kjem det oss ved? Det blir di sak.» Då kasta han pengane inn i tempelet og forlet staden. Og han gjekk bort og hengde seg.

Kunne historia her enda annleis for Judas? Han som for alltid vil bli huska som svikaren. Ja, historia kunne ha enda annleis. Viss Judas i staden for å gå til overprestane for å bekjenna si synd, hadde kome til Jesus for å seie det same. Kva hadde skjedd då? Då trur eg Jesus på ny hadde sagt «Min ven» til Judas.

Jesus står klar til å ta imot, me må berre ta steget bort til han og fortelje han om våre svik og nederlag. «Eg har ikkje klart å leve slik eg burde i dag heller Jesus. Kan du tilgi meg?» Då vil Jesus svare deg: «Min ven, kom til meg!»

Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! Matt. 11,28

Bønn
Takk for at eg kan rekne deg som min ven Jesus.
Hjelp meg til å kome til deg når eg har svikta.
Takk for at du alltid høyrer.
Amen

Clas Vårdstedt synger ein song som heiter «Du lämnar aldrig mig» som eg synes er fin, Jesus forlater oss aldri!