Peter

I dag er eg sliten, det vart litt mykje sist veke. Og det får eg igjen for i dag. Det å då skulle setje seg ned for å skrive ein andakt fristar eigentleg ikkje så veldig mykje.

Så eg ber til Gud om at han må hjelpe meg litt ekstra i dag. Eg ber alltid at han må vise meg kva eg skal skrive om i andaktane, men nokre gonger treng eg det meir enn andre gonger. I dag var ein slik dag. Eg slår opp i studiebibelen min, der eg nærmar meg slutten av Matteus, i kapittel 26, 31-35:

Då seier Jesus til dei: «I natt kjem de alle til å falla ifrå og venda dykk bort frå meg. For det står skrive: Eg skal slå gjetaren, og sauene skal spreiast. Men når eg har stått opp att, skal eg gå føre dykk til Galilea.» Peter tok til orde og sa: «Om så alle vender seg bort frå deg, skal eg aldri gjera det.» Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: I natt, før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.» Men Peter sa: «Om eg så må døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg.» Det same sa alle dei andre læresveinane.

Oi, tenkjer eg med ein gong. Eg skal skrive om Peter i dag. Takk for at du gav meg noko i dag og Jesus, tenkjer eg. Er det ikkje fantastisk å ha med ein levande Gud å gjera?

Peter er ein person ein kan skrive mange andaktar om, det står ganske mykje om han i Bibelen. Men i dag vil eg sjå på det som står om Peter desse timane i påskeveka.

Jesus og læresveinane har nettopp hatt nattverd saman, dei er på veg til Getsemane. Jesus fortel læresveinane at dei kjem til å venda seg bort frå han. Dette protesterer Peter høglytt på, han skal aldri venda seg bort frå Jesus, han vil heller døy enn å fornekta han.

Eg kjenner meg litt igjen. Eg tenkjer og at eg aldri skal fornekte Jesus, at eg ikkje skal fornekte det som står i Bibelen. Nei, Jesus, du kan stole på meg.

Dei kjem inn i Getsemane, og Peter blir beden om å halde seg vaken når Jesus går litt lengre bort for å be. Men Peter og dei andre to som og er med for å vake, dei sovnar – to gonger! Jesus seier i vers 41 til læresveinane: Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.

Det er så lett å la søvnen ta over, me seier at me skal vake, men det er så mykje meir behageleg å sove – berre litt.

Jesus blir etterkvart tatt til fange, og då skjer det med Peter som Jesus hadde sagt. Me les om det i Matteus 26,69-75:

Medan dette hende, sat Peter ute på gardsplassen. Då kom ei tenestejente bort til han og sa: «Du og var saman med denne galilearen Jesus.» Men han nekta så alle høyrde det, og sa: «Eg skjønar ikkje kva du snakkar om.» Så gjekk han ut i portrommet. Då fekk ei anna jente sjå han og sa til dei som var der: «Han der var saman med Jesus frå Nasaret.» Peter nekta på nytt og svor på det: «Eg kjenner ikkje denne mannen!» Litt etter kom dei som stod der, bort til Peter og sa: «Jo visst er du ein av dei, du og! Det kan ein høyra på målet ditt.» Då sette han i å banna og sverja: «Eg kjenner ikkje denne mannen.» Straks gol hanen. Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han gjekk ut og gret sårt.

For ein dramatikk. Peter som berre for nokre timar sidan var så høgt oppe, han skulle heller døy enn å fornekta Jesus. Her er han altså, han har sagt høgt og tydeleg til alle som høyrde på at han ikkje kjenner Jesus. Hanen gol, og Peter kom på det Jesus hadde sagt. Han hadde svikta Jesus, han gjekk ut og gret sårt står det. Peter er heilt på bånn.

Kva med meg, kva gjer eg når nokon utfordrar meg om Jesus, trur du verkeleg på han? Vik eg unna å svare? Skiftar eg tema? Kanskje eg ikkje er like bastant som Peter var, men det er ikkje alltid like lett å fortelje dei rundt at ja, eg trur på Jesus, eg trur på at det som står i Bibelen er sant. Og så kan ein kjenne seg litt feig i etterkant, kvifor sa eg det på den måten?

Jesus døydde på korset, og han stod heldigvis opp att. I Johannes 21, frå vers 15 og litt utover står det om når Jesus spør Peter tre gonger: «Elskar du meg?» Peter svarer bekreftande alle tre gongene: «Du veit eg har deg kjær». Han hadde svikta Jesus, hadde fornekta tre gonger – men trua på Jesus var der framleis.

Akkurat som Peter sviktar også eg, men sjølv om eg fell så er Jesus der, gong på gong. Han spør oss «Elskar du meg?», då er det så godt å kunne svare eit stor JA på det spørsmålet, Jesus står der med opne armar og tek imot meg nok ein gong.

Bønn
Takk for at du er trufast.
Hjelp meg til å stole på deg Jesus.
Takk for me, akkurat som Peter, kan få kome til deg på ny når me har svikta.
Takk for at du tek imot oss akkurat som me er.
Amen

Songen i dag er ein god gammal song: «Han tek ikkje glansen av livet». Gruppa SalmeKlang har spelt inn ein fin versjon av denne songen.