
Thank God I do
I dag har eg ei engelsk overskrift for andakten. For dei som følgjer med på songane til artisten Lauren Daigle, så kjenner dei nok kanskje att overskrifta i dag som tittelen på ein av songane hennar.
I refrenget syng ho: “I don’t know who I’d be if I didn’t know You”. Eg veit ikkje kven eg ville ha vore viss eg ikkje hadde kjent deg.
Livet består av opp- og nedturar, i tillegg til veldig mange dagar heilt på det jamne. Når det var nedstenging på grunn av korona opplevde Lauren Daigle ei vanskeleg tid, ho var langt nede. I ettertid skriv ho denne songen, utan Gud veit ho ikkje kor ho hadde vore.
For ein som ikkje er kristen, kan det sikkert verke heilt uforståeleg å setje si lit til ein du ikkje eingong kan sjå. Men eg vil setje to strekar under denne linja i songen: eg veit ikkje kven eg ville ha vore viss eg ikkje kjente deg Gud.
Sjølv om eg kjenner meg svært takknemleg over å kjenne Gud på dei gode dagane, og på alle dei «vanlege» dagane. Så er eg i ettertid endå meir takknemleg for å kjenne Gud på dei tunge og vanskelege dagane. For nokre år sidan var det mange av dei dagane i livet mitt, og kor eg hadde vore utan å ha ein Gud å gå til med det vanskelege, det veit eg ikkje. Men det eg veit er at Gud er der alle dagar, han er der for deg også på dei vanskelege dagane.
Eg synes at Daigle beskriv kven Gud er for ho på ein flott måte litt uti songen:
You’re my safe place.
My hideaway.
You’re my anchor.
My saving grace.
You’re my constant.
My steadiness.
You’re my shelter.
My oxygen.
Og når eg prøver å omsetje det til norsk blir det noko sånn som dette:
Du er min trygge plass .
Min gøymestad.
Du er mitt anker.
Min frelsande nåde.
Du er konstant.
Min stabilitet.
Du er min tilfluktsplass.
Mitt oksygen.
Eg veit ikkje kor eg hadde vore utan at eg hadde kjent Gud. Det er så godt å kunne ha ein som aldri sviktar, ein som alltid er der, ein som bryr seg når ingen andre ser det du strever med.
Gud er min trygge plass, der kan eg få gøyme meg om eg treng det. Han er mitt anker som held meg fast, han har frelst meg med sin nåde. Han er konstant, har alltid vore og vil alltid vera. Når alt rundt meg forandrar seg er Gud den same, min stabilitet. Han er min tilfluktsplass når det stormar i livet mitt. Ja, han er faktisk mitt oksygen, utan han så får eg ikkje puste. Så viktig er Gud for meg. Eg har erfart at han er med meg både i oppturar og nedturar, han er med i kvardagen.
I don’t know who I’d be if i didn’t know You – Thank God I do.
I salme 103 skriv David om kven Gud er, og eg vil avslutte andakten i dag med denne salma:
Velsign Herren, mi sjel! Alt som i meg er, velsign hans heilage namn.
Velsign Herren, mi sjel! Gløym ikkje alt det gode han gjer.
Han tilgjev all di skuld og lækjer alle dine sjukdomar.
Han friar ditt liv frå grava og kronar deg med miskunn og kjærleik.
Han mettar ditt liv med det gode, du blir ung att som ørna.
Herren skapar rettferd, han let alle undertrykte få sin rett.
Han kunngjorde sine vegar for Moses, sine gjerningar for Israels folk.
Mild og nådig er Herren, sein til vreide og rik på miskunn.
Han kjem ikkje med klagemål for alltid og er ikkje evig harm.
Han gjer ikkje gjengjeld for våre synder, han løner oss ikkje etter vår skuld.
Så høg som himmelen er over jorda, så veldig er hans miskunn over dei som fryktar han.
Så langt som aust er frå vest, tek han syndene våre bort frå oss.
Som ein far er mild med sine born, er Herren mild med dei som fryktar han.
For han veit korleis vi er skapte, han kjem i hug at vi er støv.
Dagane mennesket får, er som gras, det blømer som blomen på marka.
Når vinden fer over han, er han borte, staden han stod på, veit ikkje lenger av han.
Men Herrens miskunn er frå æve til æve over dei som fryktar han.
Hans rettferd når til barneborn, til dei som held hans pakt og kjem i hug hans bod, så dei følgjer dei.
Herren har reist si trone i himmelen, han rår som konge over alt.
Velsign Herren de hans englar, de sterke heltar som lydige set hans ord i verk.
Velsign Herren, alle hans hærar, de tenarar som set hans vilje i verk.
Velsign Herren, alle hans skapningar, overalt der han rår.
Velsign Herren, mi sjel!
Songen i dag er sjølvsagt «Thank God I do» av Lauren Daigle:
Bønn
Takk Gud for at du bryr deg.
Takk for at eg kan kome til deg med alt.
Eg ber om at fleire må få bli kjent med kven du er.
Amen

