
Trygg
Eg har i det siste tenkt på det å vere trygg. Det er krig fleire stader i verda, og i nyheitene er det mykje om konfliktane i Ukraina og i Israel/Gaza. Men me sit likevel trygt og godt her i Norge, eg kan leggje frå meg telefonen, leggje frå meg nyheitene. Men kva med dei menneska som er midt i krigen, som høyrer flyalarmen gå, høyrer at rakettane treff? Dei kan ikkje leggje nyheitene frå seg slik som eg kan.
Me må hugse å be for alle desse menneska, dei uskuldige som blir ramma, som ikkje har bedd om desse krigane. Og så må me be for dei som styrer, at dei må sjå fredelege løysingar der dei er å finna.
Eg kan sitje her i Norge å vere trygg frå rakettar, eg treng ikkje vere redd for at soldatar skal dukka opp ved døra mi for å dra meg ut i haustmørkre.
Og så kan eg også lese på «Åpne dører» sine heimesider at 360 millionar menneske blir forfulgt og diskriminert berre fordi dei er kristne og trur på Jesus.
Og så sit eg her i stolen min, les i Bibelen min, går på eit møte på bedehuset, er saman med venner i ei bibelgruppe.
Det verkar så urettferdig, kvifor har eg trekt vinnarloddet berre fordi eg er fødd i Norge?
Eg kan jo nokre gonger kjenne det når andre kritiserer trua mi, eller kjem med nedlatande kommentarar og er djupt ueinig i det som Bibelen seier – at det går inn på meg. Men det kan likevel ikkje samanliknast med det andre opplever.
I denne verda vil det alltid vere ulike former for uro, det vil vere krig, svolt og forfølging. Så kan me, sjølv om me sit i Norge, få vere med å gi av det me har til dei som treng det. Og kanskje viktigast av alt, me kan få vere med å be for dei som ikkje har det så godt, både her i landet og i andre land.
Gud har ikkje lova oss eit liv utan frykt, eit liv utan forfølging, eit liv utan at det er vonde ting som skjer. Det står i Matteus 24,9: Då skal dei gje dykk over til forfølging og slå dykk i hel. Ja, alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld.
Dette er vel ikkje noko trøyst til dei som har det vondt? Nei, kanskje ikkje. Men Gud veit om dei som har det vondt, han veit korleis dei har det.
Og så kjem den verkelege trøysta, den store tryggleiken. For overskrifta i dag er jo «Trygg», og den overskrifta handlar ikkje om at eg, akkurat i dag, er trygg for krigen som herjar andre stader i verda. Det er ikkje den tryggleiken eg vil framheva i dag, fordi den gjeld ikkje alle. Men den tryggleiken som eg er så uendeleg glad for å ha, det er tryggleiken som Jesus har gitt meg.
Uansett kva livet byr på, så kan eg leggje alt hos Jesus. Han høyrer på det eg har å seie. Og som det står i Salme 37,5: Legg din veg i Herrens hand! Set di lit til han, så grip han inn.
Når eg ein dag døyr, så har eg lagt min veg i Gud si hand. Der er eg trygg, han viser meg veg gjennom det som står i Bibelen.
Det er fortvila å sjå på dei som har det vondt der det er krig. Men Guds lovnader gjeld for alle menneske, uansett livssituasjon. Eg ber om fred og fredelege løysingar, men eg ber og om at dei som bur i desse områda må sjå kven Jesus er, at han kan gje ein tryggleik utover denne verda. Ein tryggleik som rekk heilt inn i himmelen.
I Rom 8,35 spør Paulus: Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Naud eller angst eller forfølging eller svolt, å stå naken eller i fare eller framfor sverd?
Er det noko i denne verda som kan skilja oss frå Jesus? Svaret kjem i vers 38-39, og eg skriv med store bokstavar:
FOR EG ER VISS PÅ AT VERKEN DØD ELLER LIV, VERKEN ENGLAR ELLER KREFTER, VERKEN DET SOM NO ER ELLER DET SOM KOMA SKAL, ELLER NOKA MAKT, VERKEN DET SOM ER I DET HØGE ELLER I DET DJUPE, ELLER NOKON ANNAN SKAPNING, SKAL KUNNE SKILJA OSS FRÅ GUDS KJÆRLEIK I KRISTUS JESUS, VÅR HERRE.
Punktum! Ingenting kan skilja oss frå Jesus, det er det berre me sjølv som kan gjere. Livet er ikkje alltid så lett, og nokre opplever fryktelege ting. Men det som ventar i himmelen er så utruleg mykje større enn det me opplever av utfordringar her på jorda.
Til slutt vil eg sitere noko Maria Engås Halsne har skrive om dette temaet: «Gud har gjennom Jesus gitt oss et løfte om trygghet for evigheten. Det er ingenting i denne verden som kan skille oss fra dette løftet. Verken terror, forfølgelse eller ondskap. Vi finner trygghet i ham, Jesus ER Tryggheten!»
Bønn
Kjære Jesus.
Eg ber i dag spesielt for dei som opplever krig i verda.
Eg ber for menneska i Ukraina, i Israel og på Gaza.
Må du hjelpe dei som har det vondt.
Hjelp leiarane til å finne fredelege løysingar.
Eg ber om at fleire må få bli kjent med deg.
Takk for at kan du gje tryggleik midt i det vonde.
Amen
Songen i dag heiter «Sanctuary», sunge av Abby Robertson:

