
Å vaske kvarandre sine føter
I Johannesevangeliet kapittel 13 står det om når Jesus vaska føtene til læresveinane. Når han er ferdig med det så står det i frå vers 12-15:
Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, tok han plass ved bordet att. Så sa han til dei: «Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk? De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg. Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skyldar de òg å vaska føtene til kvarandre. Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera.»
På den tida gjekk dei fleste med sandalar, og føtene blei skitne etter ein dag. Det var tenarane som pleidde å vaske føtene til herrane sine. Men her gjer Jesus noko heilt uhøyrt, han bøyer seg ned for å vaske føtene til læresveinane.
Etterpå seier han at det han nå har gjort skal vera eit føredøme, slik som han har gjort skal læresveinane og gjera. Slik som Jesus har gjort, skal me og gjera. Me skal vaska føtene til kvarandre.
Som eg skreiv sist veke, så døydde svigermor, og familien har brukt tid til å sørgja og til å dela mange gode minne. Det som eg og familien min har sett umåteleg stor pris på, er omtanken frå andre. Der naboar, venner, arbeidskollegaer og andre har kome innom, har ringt og vist oss at dei er med oss i sorga.
Det betyr noko når folk bryr seg, og eg kjenner det gjer ekstra godt når folk seier at dei skal be for oss, at dei hugsar på oss gjennom bøna.
Så er det nok ikkje bokstavleg det Jesus seier, det er (heldigvis) ingen som har bedd om å få vaske føtene mine. Men det å bry seg om andre, gjere noko som gjer at dei rundt oss kjenner seg sett og møtt, det trur eg kan samanliknast med når Jesus vaska føtene til læresveinane. Det betyr ikkje noko kor skitne føtene er, Jesus ser oss akkurat slik som me er.
Litt lengre ute i kapittel 13 gir Jesus læresveinane og oss eit nytt bod, i vers 34-35 står det:
Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.
Me skal elska kvarandre, og det er nettopp det me har fått oppleve dei siste vekene gjennom omtanke og forbønn. Og så har eg og ønske om å sjå når andre treng kjærleik, at eg kan vere med å gi tilbake når andre treng å få vaska sine føter.
Bønn
Takk kjære Jesus for at du ser oss.
Takk for medmenneska som du har sendt vår veg den siste tida.
Hjelp oss til å sjå når andre treng omsorg og kjærleik.
Takk for at du er med.
Amen
Songen i dag er sunge av Jeanette Alfredsson og heiter «Den ofattbara kärleken»:

