Alt vart til ved han

Det nærmar seg 1. søndag i advent og førjulstid. I andaktane mine framover vil eg ta utgangspunkt i Johannes-evangeliet kapittel 1, vers 1-18. Ja, eg har faktisk tenkt å bruke vers herifrå som utgangspunkt for dei seks neste andaktane mine, gjennom heile desember og til rett over nyttår.

Eg synest at det kan vere godt å vere i nokre vers frå Bibelen over litt lengre tid, då får ein litt meir tid til å grunne på kva som faktisk står i desse versa. Og nettopp i adventstida er det godt å setje seg ned å tenkje over det me feirer i jula. Kva betyr det for oss at Jesus kom til jorda vår? Kva betyr det for oss som bur her i Norge i dag?

Heldigvis er det mange før meg som har sett på desse versa. Eg kjem mellom anna til å bruke litt av Bo Giertz sine forklaringar som han har skrive til tekstane i det nye testamentet. Han skriv mellom anna at desse 18 versa i starten av Johannesevangeliet er skrive som ei hymne, eit kristent dikt, som me kan tenkja oss at dei første kristne brukte ved sine gudstenester. Eg synes at det set ein ekstra spiss på innhaldet i versa.

Me byrjar i dag med Joh. 1,1-4:
I opphavet var Ordet,
Ordet var hos Gud,
og Ordet var Gud.
Han var i opphavet hos Gud.
Alt vart til ved han,
og utan han vart ikkje noko til.
Det som vart til i han, var liv, og livet var lyset for menneska.

«I opphavet», kjenner du det att? Det er dei same to orda som blir brukt i starten av det gamle testamentet, i 1. Mos. 1,1: I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Det blir nok brukt heilt bevisst av Johannes. Alle jødar visste at Gud var skapar av alle ting, og opphavet til alt.

Johannes bruker her «Ordet» som ei nemning på Jesus, og seier dermed at Jesus og var i opphavet. Jesus var der når menneska vart skapte, han som seinare skulle bli eit menneske og som også skulle gi sitt liv for oss menneske. Han var i opphavet hos Gud.

Eg synest vers 3 står så fint i den engelske bibelomsetjinga «The Message»: Everything was created through him; nothing – not one thing! – came into being without him.

Ikkje ein einaste ting vart til utan at Gud ville det, alt vart til ved han. Det er ikkje noko som har skjedd på slump, det er ikkje eit einaste menneske som ikkje er ønska av Gud. Han har skapt oss, han er glad i oss, han sende Jesus til jorda for at alle som trur på han skal få evig liv! Det er stort.

Det står i Kolossarane 1,16: For i han vart alt skapt, i himmelen og på jorda, det synlege og det usynlege, troner og herredøme, makter og åndskrefter – ved han og til han er alt skapt.

Det er mykje eg ikkje forstår, men det gir meg tryggleik å vite at det er Gud som har skapt alt. Eg kan sjå rundt meg på alt det fantastiske som han har skapt, då tenkjer eg at eg ser ein liten bit av ein stor Gud. Og når vonde ting skjer, enten i mitt liv eller i verda rundt meg, så er det godt å vite at Gud har vunne over alt det vonde. Og at ein dag, heime hos Gud, skal alt det vonde vere borte for godt.

Gud har skapt alt, han har gitt oss sitt ord, Bibelen. Eg vil i dag avslutte med nokre vers som står i Jesaja 55,10-11. La oss bruke ordet Gud har gitt, lese om Jesus, ta ordet til oss, grunne på det som står i Bibelen. Då er eg sikker på at me vil oppleve vekst, me vil få styrke og kraft til både dei gode og dei vanskelege dagane. Guds ord vender ikkje tomt tilbake.

For lik regn og snø som fell frå himmelen og ikkje vender attende dit før dei har vatna jorda, gjort henne fruktsam og fått henne til å spira, gjeve såkorn til den som skal så, og brød til den som skal eta, slik er mitt ord som går ut or min munn: Det vender ikkje tomt attende til meg, men gjer det eg vil og fullfører det eg sender det til.

Bønn
Takk Gud for at ditt ord ikkje vender tomt tilbake.
Takk for at me kan koma til deg med det me tenkjer på.
Takk for at du høyrer vår bønn.
Hjelp oss til å ta vare på ditt skaparverk.
Hjelp oss til å dele ditt ord med våre medmenneske.
Amen

Songen i dag er sunge av Emma Nissen og heiter «Hear Him»: