Den same Gud

I Hebrearbrevet 13,8 står det: Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid.

Jesus er den same. Gud er den same. Til evig tid.

Eg har høyrt det mange gonger, men har eg eigentleg tatt det skikkeleg inn over meg kva det betyr?

Sist veke høyrte eg på ein song av ei lovsangsgruppe som kallar seg Saddleback Worship, songen heiter «Alive & Well». Det er ein fin song, men det var spesielt ein setning som eg beit meg ekstra merke i: «The same God who had parted the sea, is living and breathing in me.» Det var akkurat som om eg fann ei puslespelbrikke som gjorde det store bilete endå litt meir tydeleg.

Ja, det er faktisk sånn det er. Gud er ikkje berre ein historisk Gud som det står om i Bibelen. Gud er akkurat den same i dag som han var når Moses og Israelsfolket flykta frå Egypt, og Gud leia dei gjennom Rødehavet.

Eg har lest og høyrt historiar frå Bibelen frå eg var ganske liten, om alt det store Gud har gjort. La oss minne kvarandre om at me har akkurat den same Gud; i går og i dag, ja, til evig tid.

Før Jesus døydde på korset «budde» Gud i tempelet, i det aller heilagste, og det var berre ypperstepresten som fekk gå inn dit ein gong i året. Men når Jesus døydde på korset, så revna forhenget inn til det aller heilagste (Matt. 27,51). Gud vart gjort tilgjengeleg for alle, via Jesus. Alle som trur på Gud har fått Den Heilage Ande, han bur i oss!

Veit de ikkje at kroppen dykkar er eit tempel for Den heilage ande som bur i dykk, han som de har frå Gud? 1. Kor. 6,19

Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så uendeleg mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar.  Ef. 3,20

For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom. 2. Tim. 1,7

La oss ta det med oss denne veka, at den Gud som me les om i Bibelen, er akkurat den same i dag, i november 2023, tenk det.

Til slutt kjem songen som inneheld setningen som gav meg inspirasjon til dagens andakt:

Bønn
Kjære Gud.
Takk for at du er trufast.
Takk for at du er den same i dag som du var for mange tusen år sidan.
Hjelp meg til å dele det som står i Bibelen med andre.
Amen