Guds rustning

Heilt sidan eg var ganske så ung, har eg vore fascinert av versa om Guds rustning som står i Efesarane 10,10-20:

Til sist: Bli sterke i Herren, i hans veldige kraft! Ta på dykk heile Guds rustning, så de kan stå fast mot djevelens listige åtak. For vår strid er ikkje mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet. Ta difor heile Guds rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og bli ståande. Så stå då fast:

Spenn sanninga til belte om livet,
ta rettferda til brynje,
og snør fredens evangelium til skor på føtene, så de er klare til å gå.
Lyft trua høgt til skjold i alt som hender! Med det kan de sløkkja alle brennande piler frå den vonde.
Ta frelsa til hjelm,
og grip Andens sverd, som er Guds ord.

Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Be alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. Be òg for meg, at ordet må bli gjeve meg når eg opnar munnen, så eg med frimod kan forkynna evangeliet, det som eg er sendebod for òg når eg er i lenkjer. Be om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.

Eg har blitt nokre år eldre sidan eg første gong møtte desse versa, og eg må vel seie at eg er endå meir glad i versa nå enn eg var i ungdommen.

Det å bli bevart som ein kristen er ikkje ein sjølvsagt ting, det er mykje som vil lokke oss vekk frå Jesus. Men tar me på oss heile Guds rustning, vil den hjelpe oss til å bli ståande. Gud seier ikkje at me skal sleppe vanskar, men han har lova å vere med uansett kva livet kastar på oss.

Eg synes det er fint å minne meg sjølv på desse seks punkta i kvardagen:

  • Sanninga – det som står i Bibelen.
  • Rettferda – eg er rettferdig for Gud, Jesus har tatt mi synd på seg.
  • Fredens evangelium – Gud har gitt meg sin fred, den må eg dele med andre.
  • Trua – stole på Jesus sine ord og løfter, ha merksemda mot han.
  • Frelsa – Jesus har gjort alt, eg treng berre ta imot.
  • Andens sverd – ta Guds ord, Bibelen, med ut i kvardagen.

Og sjølv om dette slett ikkje er nokon stor teologisk utgreiing av desse bibelversa, så er det likevel mi vesle oppsummering. Gud har gitt oss ei oppskrift på å bli bevart som kristen, det synes eg er veldig trygt og godt.

Heilt til slutt kjem det og eit siste punkt frå Paulus som me ikkje må gløyme: Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Me må be om at Gud må hjelpe oss, me må be for kvarandre.

I tillegg vil eg seie som Paulus seier: Be òg for meg, at ordet må bli gjeve meg når eg opnar munnen, så eg med frimod kan forkynna evangeliet. Det å vere frimodig er ikkje alltid like lett, men Bibelen oppfordrar oss fleire stader til akkurat det.

I Johannes 16,33 seier Jesus:

Dette har eg sagt dykk så de skal ha fred i meg. I verda har de trengsler, men ver frimodige: Eg har sigra over verda!

Eg har så mykje å vere takksam for, men det aller største er det Jesus har gjort for meg. Og då har eg lyst å synge med på denne songen av Moriah Peters, den heiter «I choose Jesus»:

Bønn
Kjære Jesus.
Takk for at du har sigra over verda.
Takk for orda om Guds heile rusting.
Hjelp oss til å ta rustninga på.
Hjelp oss til å dele ditt ord med fleire.
Amen