
Kor er din brodd?
Ein brodd er noko som er spisst, ein pigg, noko som stikk. Det kan vera skarpt, sårande og smertefullt å stikke seg på brodden. Ein brodd er noko ein helst vil unngå å vere borti.
I 1. Kor. 15 står det i slutten av vers 54 og vidare i vers 55 og 56:
Døden er slukt og sigeren vunnen.
Død, kvar er din brodd?
Død, kvar er din siger?
Brodden i døden er synda,
og krafta i synda er lova.
Men Gud vere takk som gjev oss siger
ved vår Herre Jesus Kristus!
Denne veka skal me gravleggje mi svigermor.
Svigermor var ikkje redd for å døy, ho eigde ein fred over det som venta ho. Ho visste at etter døden så venta noko som var så utruleg mykje betre. Døden hadde mista sin brodd. Jesus har vunne siger over døden.
Ein song som svigermor likte godt var songen «Ein fin liten blome», og eg lar den songen vere andakten denne veka. Det er ein veldig fin song som seier noko om kva dei som trur på Jesus har i vente.
Ein fin liten blome i skogen eg ser,
i granskogen diger og dryg,
og vent mellom mose og lyng han seg ter.
Han står der så liten og blyg.
Sei, ottast du ikkje i skogen stå gøymd
der skuggane tyngja deg må?
– Å nei, for av Herren eg aldri vert gløymd,
til ringaste blom vil han sjå.
Men ynskjer du ikkje i prydhagen stå,
der folk kunne skoda på deg?
– Å nei, eg trivst best mellom ringe og små,
eg føddest til skogblome, eg.
Ein dag vil den stormande vinter deg nå,
då vert det vel dødsdagen din.
– Då kviler eg lunt og har snøkåpa på,
til vårsola kysser mitt kinn.
Eit bod frå min Herre du blome meg ber:
Om einsleg eg vert på min veg,
så veit eg at Herren vil vera meg nær,
Gud Fader, han vernar òg meg.
Om enn eg er liten, har Herren meg kjær,
med honom eg kjenner meg sæl.
Kvar morgon meg bøna til himmelen ber,
med bøna eg sovnar kvar kveld.
Ein kledning eg fekk av min Frelsarmann kjær,
i blodet hans reinsa den er.
Den høver for himlen, der gullgater er,
den høver for vandringa her.
Som blomen om vinteren visnar eg av,
men gled meg, for då står eg brud.
Lat lekamen kvila med fred i si grav,
mi sjel, ho er heime hos Gud!
Ja, glad skal eg vakna hos Jesus eingong
i morgonen æveleg klår,
og blanda med heilage englar min song
i himlen, dit døden ei når!
«Ein fin liten blome» er her sunge av Bjørn Eidsvåg (han har ikkje med alle versa i songen):
Bøn
Takk Jesus for at me kan kome til deg med alt.
Takk for at svigermor er heime hos deg.
Takk for at du har vunne siger over døden.
Eg ber om at du må vere med dei som sørgjer.
Amen

